Etablerarprøve etter ServeringslovaDen som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og servere mat og alkoholfri drikke, må ha bestått etablerarprøva. Gjennomføring av prøvaEtablerarprøva kan takast ved Hareid kommune sitt ressurssenter, sjå informasjon herHugs å ta med gyldig legitimasjon – pass, førarkort eller bankkort med bilde.Prøva er ei fleirvalgsprøve på norsk på 90 minutt. Du kan ikkje til å ta med tolk. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål. Du har lov å bruke lovsamling.Du kan ta prøva på nytt helt til du består.Prøva kostar kr 400 pr gong du tek den. PensumVinn.no tilbyr læremateriell, kurs og tilgang til «test deg sjølv»-prøver. Vi anbefaler at du på førehand set deg inn i pensumet.Alle som består etablerarprøva får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Publisert 14.08.2018 14:10 Sist endra 20.12.2024 10:58