Er du ein grûnder som ynskjer å starte eige bedrift?
Har du ynskje om å starte di eiga bedrift kan vi rettleie deg i dette arbeidet. Sande kommune er i eit samarbeid med HoppID - som er ei ordning for gründerhjelp i Møre og Romsdal.
Du kan også søkje om såkalla HoppID-tilskot.
HoppID-tilskotet er ei økonomisk støtteordning for deg som grûnder i ei tidlig fase. Eit tildelt tilskot skal nyttast til mindre nødvendige aktivitetar som kan bidra til avklaringar rundt lønsemd og marknadspotensialet for din forretningsidè.
Med dette kan du få eit betre vurderingsgrunnlag i forhold til dine vidare satsingar som grûnder og verksemdeigar.
Her finn du meir informasjon og lenke til søknadsportal.
Har du som grûnder spørsmål så ta kontakt med Sande kommune for vidare rettleiing.
Nyttige lenke:
Møre og Romsdal fylkeskommune, HoppId.no
Publisert 03.09.2018 14:25
Sist endra 18.07.2023 04:46