Lovbestemt buplikt
Dersom nær slekt eller ein med odelsrett skal overta landbrukseigedomen, fastset konsesjonslova § 5 første ledd at ervervet er konsesjonsfritt. Konsesjonsfridommen kan vere tufta på krav om at eigaren sjølv buset seg på eigedommen innan eitt år og bur der i minst fem år (lovbestemt buplikt). Den lovbestemte buplikta gjeld erverv av bebygd eigedom som har meir enn 35 dekar fulldyrka/overflatedyrka jord eller meir enn 500 dekar produktiv skog. Bygningen må bestå av bustadhus som er eller har vore brukt som heilårsbustad. Sjølv om huset ikkje har vore i bruk som heilårsbustad, vil det kunne oppstå buplikt dersom huset er tillate oppført som bustadhus, eller eigedomen har bustadhus under oppføring.
Har du erverva eigedomen frå avdød ektefelle eller sambuar, enten som eigar eller i uskifte, og du har vore busett på eigedommen i fem år allereie, oppstår det ikkje ny buplikt. Om noko av buplikt-tida står att, skal den butida du har gjennomført før overtakinga reknast inn i plikttida.
Den som skal overta ein landbrukseigedom konsesjonsfritt, må sende inn og bekrefte konsesjonsfridommen ved bruk av skjemaet «Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom mv.», LDIR-360.
Om du er nær slekt eller har odelsrett og ikkje kan eller vil busette deg på eigedom med lovbestemt buplikt innan eitt år, må du søke konsesjon. Bruk skjemaet «Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom m.v», LDIR-359. Ved søknad om konsesjon gjer kommunen ei konsesjonsvurdering.
Buplikt i vedtak om konsesjon
Dersom landbrukseigedomen skal overtas av nokon andre som ikkje er nær slekt eller har odelsrett, kan kommunen sette buplikt som vilkår for konsesjon. For å sette krav om buplikt er det ein føresetnad at eigedomen er konsesjonspliktig. Ved overtaking av eigedom som er konsesjonspliktig må overtakaren/kjøparen søke kommunen om konsesjon. Bruk søknadsskjemaet LDIR-359. Ved søknad om konsesjon på ein eigedom, tar kommunen stilling til om det skal settast vilkår for konsesjonen eller ikkje. Når det gjeld buplikt, vurderer kommunen
- om det skal fastsettast vilkår om buplikt
- om buplikta skal vere ei personleg plikt for ervervar
- eventuelt kor lenge buplikta skal vare