Sande kulturskule

Sande kulturskule

Sande kulturskule tilbyr opplæring på instrument eller kunstfag og har mestringsglede og positiv sjølvutvikling som hovedmål. 

El trio de Larsnes. Edvard og William Brune Leikanger og Anders Hammer Rekdal. - Klikk for stort bileteEdvard og William Brune Leikanger og Anders Hammer Rekdal. Silje S. Mork, Sande kommune

I Sande kulturskule tilbyr vi undervisning i følgande fag:

  • messinginstrument og aspirantopplæring
  • gitar/bass
  • piano
  • song 
  • tromme
  • fiolin
  • dans
  • visuell kunst
  • videoproduksjon

 

Som elev i kulturskulen vil du få individuell tilpassa opplæring med fokus på læring, utvikling og trivsel.
Sande kulturskule tilbyr også aspirantopplæring i samarbeid med Gursken skulekorps.

Samarbeid mellom heim og skule

er ein viktig faktor for at eleven skal få dei beste vilkåra for trivsel og utvikling. Gjennom mellom anna utviklingssamtalen og foreldremøter ser vi etter mestring og moglegheiter for eleven. Verdigrunnlaget vårt seier at alle elevar er unike, og at dei skal oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt, ut frå sitt ambisjonsnivå.

Vi vektlegg også at eleven får utvikle evna til samspel og samarbeid. Ofte ser vi at prosjekt på tvers av instrument er ein stor motivasjonsfaktor. Vi ønsker å bygge eit miljø og ein felles arena for utøving av musikk og kulturuttrykk.   

 

Tilbodet i Sande kulturskule

Tilbodet i Sande kulturskule
FAGFrå alder ( og oppover)UNDERVISNINGSSTADLÆRAR
Messinginstrument/ Aspirant Gursken skulekorps7 årLarsnes og GurskenJette Hougaard Holstad
Fiolin6 årMøre barne- og ungdomsskuleAndrine Longva Kopperstad
Gitar/ Bassgitar8 årGursken og LarsnesLudvik Brune Leikanger
Piano7 årGurskenStig L Håheim
Piano7 årGursken og LarsnesMarlen H Knotten
Song8 årGursken og LarsnesMarlen H Knotten
Videoproduksjon12 årLarsnesFabian Kreis
Dans6 årGurskenNatalija Pankratova
Trommer8 årGurskenBertil Tødenes
Visuelle kunstfag8 årGurskenFabian Kreis


Merk: Frå alder er ei nedre anbefaling. Ein kan melde seg på frå nedre alder og opp til 18 år på alle disiplinane.

Samspel er eit viktig fokusområde. Elevar i kulturskulen kan mellom anna delta på konsertar, UKM og på andre kulturarenaer.   

 

Kva kostar ein elevplass?

Plass i kulturskulen 2025
Plass i kulturskulenSøskenmoderasjon
kr 3600 pr år20 % søskenmoderasjon. Barn nummer to får 20% fleirfagsrabatt på fag nummer to.
kr 1800 fakturert pr halvår

 

Søknadsfrist:

Søknadsfristen for hovudopptak til nytt skuleår er 19.mai for komande skuleår.

Skal du melde deg ut av tilbodet er fristen 1.mai.

Alle søkjarar skal få brev om at søknaden er mottatt og registrert. Påmeldinga er bindande for skuleåret, dersom ein tek imot plassen.
Ein kan søke plass gjennom heile skuleåret. Suppleringsopptak vert gjort dersom det er ledig plass. 

Vedtekter for Sande kulturskule kan du lese her. (PDF, 85 kB)

Korleis søkjer eg?

Påmelding nye elevar Frist: 19.mai

 Utmelding for elevar som har plass i Sande kulturskule Frist: 1.mai 

 

Sande kulturskule - rektor: 

Susann Worren Hauge

Telefon: 91643676

susann.worren.hauge@sande.kommune.no

Kontakt

Susann Worren Hauge
kulturskulerektor
E-post
Mobil 91 64 36 76