Bibliotek

Bibliotek

Sande bibliotek tilbyr både bøker, lydbøker, filmar, tidsskrift og internett  til utlån.

Visste du at 

  • du sjølvsagt kan låne bøker som er tilgjengelege i hylle 
  • du kan bestille fagbøker og andre bøker biblioteket ikkje har inne på dagen 
  • du kan låne ukeblad og andre tidsskrift
  • lese lokalaviser i sofagruppa - også blade i  gamle aviser som er utgitt siste året
  • låne bygdebøker og historiske bøker frå nærmiljøet 
  • at biblioteket har bøker på engelsk 
  • at biblioteket har barnebøker på ukrainsk
  • at biblioteket har lydbøker til utlån som du kan få tilgjengeleg på ein app - gratis  - Bookbites
  • at biblioteket har bøker med stor skrift 
  • at biblioteket har pocket-seriar  tilgjengeleg for utlån - altså serieromanar
  • at biblioteket har filmotek der du kan låne filmar gjennom biblioteket
  • du kan nytte PC  og gratis internett
  • du kan få kopiere og scanne dokument - scanning er gratis - kopiering mot betaling 

Du kan levere lånt materiale i eige bokskap på Joker-butikken på Larsnes og i Gursken.

Kva er opningstida ved biblioteket?


OPNINGTIDER:

Måndag - torsdag: kl 10.30-18.00

Fredag:  stengt

Om sommaren, i haust - og vinterferier og rundt høgtider kan opningstida vere noko annleis. Dette blir annonsert under aktuelt-sida.

Lånekort

Du må ha lånekort når du skal låne noko på biblioteket.

Lånetida er til vanleg 4 veker.

Her kan du lese meir om lånekort

Kan eg bestille bøker? 

Her kan du logge deg inn.

Reservere bøker? 

Her kan du søke i katalogen og reservere bøker .

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. Om du ikkje leverer innan tidsfristen, kan du få krav om erstatning av tapt/ skada materiell.

Besøksadresse: 

Prestegardsvegen 5, 6084 Larsnes

E-post:

bibliotek@sande-mr.kommune.no

Tlf.:

48992148

Kontakt

Tim Bock
biblioteksjef
E-post
Mobil 48 99 21 48