Velferdsteknologi og helse- og meistringsteknoligi

Velferdsteknologi og helse- og meistringsteknoligi

Helse- og mestringsteknologi er teknologiske løysingar som skal støtte og forsterke tryggleik, sikkerheit, sjølvhjelp og livskvalitet. Det er viktig å forstå kva du som innbyggjar forventast å anskaffe sjølv, og kva kommunen kan tilby:  

Kvardagsteknologi (privat anskaffing): Støttar dagleg meistring og gjev størst utbytte når ein tek det i bruk tidleg. Døme: smartklokke, robotstøvsugar, smarthus-teknologi, regulerbar seng og stol.  

Tryggheitsskapande teknologi (kommunalt tilbod): Gjer at du kan bu heime lenger og føle deg trygg. Døme: tryggleiksalarm, GPS, videokommunikasjon, dørsensor.  

Mestringsteknologi (kommunalt tilbod): Gjev meistring av eigen helse og kvardag. Døme: elektronisk medisindispenser, nettbrett med tilpassa funksjonar. Helseteknologi (kommunalt tilbod): Medisinsk utgreiing og behandling i heimen. Døme: medisinsk avstandsoppfølging.

Mål for tenesta 

Auka tryggleik, sjølvstende og meistring – slik at du kan bu heime lengst mogleg.

Prisar

Gratis når tenesta er heimla i lov. Månadsavgift gjeld dersom tenesta er eit servicetilbod.

Tryggleiksalarm - 2026
Tryggleiksalarmpris pr mnd
I eigen bustadkr 440

 

Vilkår for tildeling

Du har sjukdom, lyte eller anna som gjer teknologisk støtte nødvendig, og teknologien gjev deg minst eitt av følgjande:

  • Auka tryggleik
  • Førebygging av skade eller ulykke
  • Lengre tid i eigen heim
  • Meir sjølvstende og meistring
  • Auka rørslefridom utan unødig risiko

Praktiske opplysningar

Kommunen sitt velferdsteknologitilbod inkluderer:

  • Tryggleiksalarm
  • Passiv varsling
  • Pasientvarslingsanlegg
  • Digitale tilsyn
  • Lokaliseringsteknologi (GPS)
  • Medisinsk avstandsoppfølging
  • Medisindispenser

 

Ikkje inkludert:

Teknologien vert montert så snart kapasiteten tillet det, etter at kartlegging og tilpassing er gjort.

Forventningar: 

Til kommunen:

Gje rettleiing og opplæring i bruk

Følgje opp alarmar og varslar etter gjeldande prosedyrar

Utføre feilretting etter gjeldande rutinar

Til deg: 

Gje melding til heimetenesta ved langvarig fråvær frå bustaden

Behandle utstyret forsvarleg

Slik søkjer du

Her finn du det elektroniske skjemaet.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Lovgrunnlag

Helse- og omsorgstenestelova § 3-1  Samtykkevurdering og brukarmedverknad skal liggje til grunn.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.

Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.

Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.

IPLOS registrering

Ja. IPLOS tenestetype 26: Varslings- og lokaliseringsteknologi (GPS).