TT-ordninga skal berre brukast til lokale fritidsreiser og ikkje til yrkestransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.
Du får tildelt ein bestemt sum som du kan reise for.
Kortet vert fylt på to gongar pr år.
Informasjon om nye retningsliner for TT-ordninga i Møre og Romsdal
Fylkestinget vedtok i sak T 0046-23 mellom anna nye retningsliner gjeldande frå og med 1. januar 2025 og at TT-budsjettet frå og med 2024 vert redusert frå 15 millionar kroner til 10 millionar kroner. Som ein konsekvens av vedtaket må talet på brukarar i ordninga reduserast.
Vedtaket inneheld mange detaljar og fylkeskommunen vel difor på dette tidspunktet å avgrense den utsende informasjonen noko, for heller å sende ut meir informasjon i løpet av 2024.
Ver merksam på følgjande i 2024
- Det vert innført eigenandel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024
- TT-kortet kan ikkje brukast til å dekkje eigenandelen
- Brukarar som per dags dato i år ikkje har nytta TT-midlane vert teken ut av TT-ordninga
- Frå og med dags dato vert ingen nye brukarar teken inn i TT-ordninga
- TT-brukarane må innan 1. oktober 2024 søkje om TT-midlar for 2025 etter dei nye retningslinene
- Det vert oppretta venteliste for søkjarar som fyller kriterieriene og ikkje får tilbod om reisestøtte
Informasjon om nye retningsliner for TT-ordninga i Møre og Romsdal (PDF, 840 kB)
Kven kan få tenesta?
Dersom du har nedsett funksjonsevne og ikkje kan nytte deg av offentleg transport eller eigen bil for å kome deg på fritidsreiser, kan du søkje om å få Transporttenesta- også kalla drosjelappar.
Krav til den som søkjer frå 2025:
Vilkår for å bli godkjent som TT-brukar
a) Søkjaren må ha ei funksjonsnedsetjing som må vere varig eller vare lenger enn 2 år
b) Søkjaren må vere folkeregistrert i Møre og Romsdal
c) Søkjaren må, på bakgrunn av funksjonsnedsetjinga, vere ute av stand til å nytte offentleg transportmiddel.
Til dømes personar med livslang forflyttingshemming (orienteringsvanskar, rørslevanskar-/flyttingsvanskar og skjulte funksjonsvanskar), rullestolbrukarar og blinde/sterkt svaksynte
e) Nedre aldersgrense for brukargodkjenning til TT-ordninga er 10 år.
Korleis søkjer eg?
Du kan søkje elektronisk her.
Du må legge ved erklæring frå legen din.
Søknadsfrist:
1.oktober
Når kan eg vente svar?
Etter at søknadsfristen er ute vil vi handsame søknaden din så fort som råd.