Kva er tryggleiksalarm?
Heimebuande kan ha behov for ein tryggleiksalarm.
Ein tryggleiksalarm er ein knapp som du kan trykke på om du har behov for at nokon skal hjelpe deg. Du kan ha den på arma som ei lita klokke eller i snor rundt halsen.
Når du trykkjer på den, blir du sett i kontakt med nokon i heimetenesta.
Kven kan få tryggleiksalarm?
Døme på forhold som gjer at du kan ha behov for ein tryggleiksalarm:
- alvorleg sjukdom som gjer at du kan ha behov for å få rask hjelp frå helsepersonell.
- du kan ikkje nytte vanleg telefon
- du bur åleine og kan vere utrygg i situasjonar
- du har problem med å bevege deg i eige husvære
Kva kostar det ?
Korleis søkjer eg?
Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når kan du vente svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Nyttig lenke:
Du kan lese meir i Helse- og omsorgstenestelova § 3-2, punkt 6 b