Mål for tenesta
Auke opplevinga av livskvalitet gjennom sosialt samvær og ei meiningsfull fritid.
Kostnad
Ingen eigenbetaling, men du betalar for bilkøyring utover det som er fastsett i vedtaket.
Vilkår for tildeling
- Søkjar er som hovudregel fylt 10 år
- Søkjar har behov for hjelp og støtte til å meistre fritidsaktivitetar, eller har lite sosialt nettverk
- Søkjar har prøvt å nytte ulike tilbod frå frivillige lag og organisasjonar, og desse kan ikkje dekkje behovet
- Bebuar i omsorgsbustad med heildøgns bemanning eller i institusjonsopphald er normalt ikkje i målgruppa for tildeling av støttekontakt. Individuelle unntak kan gjerast etter særskild vurdering dersom personen har behov for aktivitet utanfor institusjonen som ikkje kan ivaretakast av bemanninga. Støttekontakt kan òg innvilgast som avlasting for pårørande med særleg tyngande omsorgsoppgåver
- Nær familie (foreldre, søsken) tilsetjast normalt ikkje som støttekontakt
Praktiske opplysningar
- Støttekontakt vert primært innvilga som deltaking i aktivitetsgruppe. Individuell støttekontakt vert berre tildelt der gruppevedtak ikkje er aktuelt.
- Etter avviklinga av det generelle dagaktivitetstilbodet frå 01.06.2026 er støttekontakt det viktigaste tilbodet for sosial deltaking for brukarar som ikkje har demens.
- Det vert normalt tildelt 4–12 timar per månad. Omfanget vert fastsett i vedtaket.
- Tenesta vert tildelt 11 av 12 månader per år.
- Det kan vere vanskeleg å rekruttere støttekontakt.
- Dato for iverksetting vert sett ein månad fram i tid, slik at tenesta har tid til å skaffe støttekontakt.
- Vedtaket er tidsavgrensa for inntil to år om gongen. Det må søkjast på nytt.
- Tildelte timar kan ikkje overførast til neste månad.
- Nære familiemedlemmer (foreldre, søsken) skal som hovudregel ikkje vere støttekontakt.
- Støttekontakt må levere politiattest og har teieplikt.
- Tenesta har nulltoleranse for rus, vald og truslar.
Ikkje inkludert:
- Leksehjelp
- Praktisk bistand i heimen
Forventningar:
Til kommunen:
Opptre respektfullt og gje melding dersom ein ikkje kan møte til avtalen.
Til deg:
- Vere til stades og ta aktivt del i tiltaket
- Gje beskjed snarast mogleg dersom du ikkje kan møte
- Betale kilometergodtgjersle etter Statens satsar for køyring utover vedtaket
Slik søkjer du
Her finn du det elektroniske skjemaet.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når får du svar
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6 bokstav b. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS registrering
Ja. IPLOS-registrering vert gjort.