Praktisk hjelp i heimen

Praktisk hjelp i heimen

Heimehjelpsordninga (praktisk bistand til daglege gjeremål) rettar seg mot dei som treng praktisk hjelp til husarbeid i heimen.

Du kan få rettleiing i korleis du kan utføre daglege gjeremål og slik kunne gjere mest mogeleg sjølv, og hjelp til å utføre ein del oppgåver.

Det kan vere hjelp til husvask, støvsuging, skifte sengetøy eller liknande. 

Det vanlege er at slikt arbeid vert utført annakvar veke heime hos den som treng det.

 

Kven kan få hjelp til husarbeid?

Personar som har behov for praktisk hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, høg alder eller andre årsaker.

Tenesta er tidsavgrensa, og behovet for hjelp vert vurdert kontinuerleg.

Les meir i Lov om helse og omsorgstenester

 

Kva kostar det?

Betaling for heimehjelp - 2025

Betaling for heimehjelp - 2025
Abonnement heimehjelp Pris pr mnd Pris
Abonnement heimehjelp inntil 2G Etter forskrift
Abonnement heimehjelp 2-3 G 1630
Abonnement heimehjelp 3-4 G 2040
Abonnement heimehjelp 4-5 G 2450
Abonnement heimehjelp over 5 G 2765
Abonnement heimehjelp timar sjølvkost 465 pr time

Kommunestyret revurderer prisane ved kvart årsskifte.

Betaling for heimehjelp tek utgangspunkt i den samla inntekta til husstanden.

 

Korleis søkjer du?

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Nyttig lenke: 

Praktisk bistand – daglege gjeremål er ei lovpålagt teneste som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §3-2, punkt 6, bokstav b. 

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65