Mål for tenesta
Personar med nedsett funksjonsevne får nødvendig hjelp til husarbeid slik at dei kan bu heime lengst mogleg.
Kostnad
Det er krav om eigenbetaling etter gjeldande sats. Satsane vert reviderte årleg i samsvar med statlege retningsliner og kommunestyrevedtak.
Prisliste
Betaling for heimehjelp - 2026
Vilkår for tildeling
- Du er ute av stand til å vareta nødvendig stell av eigen bustad på grunn av sjukdom, nedsett helse eller funksjonshemming
- Eigen familie, nettverk og frivillige tilbod er vurdert og kan ikkje dekkje behovet
- Det er vurdert om andre i husstanden kan utføre husarbeidet
- Tenesta vert tildelt etter individuell og skjønnsmessig vurdering. Vedtaket er tidsavgrensa og vert revurdert ved behov
- Tenesta vert utført på kvardagar, ikkje på helg og heilagdagar
Praktiske opplysningar
Reingjering vert utført som hovudregel kvar fjerde veke og inkluderer:
- Kommunen kan setje det som føresetnad for vedtak om reingjering at du sjølv har anskaffa robotstøvsugar. Dette er ein kan-regel – det skal alltid gjerast ei individuell vurdering der di økonomi og ditt funksjonsnivå vert vektlagd. Kravet kan ikkje nyttast som avvisingsgrunn dersom anskaffing er urimeleg byrdefullt for deg.
- Støvtørk, golvvask, støvsuging og vask av bad/toalett i rom som er dagleg i bruk
- Skifte av sengekle
- Setje inn, starte og tømme oppvaskmaskin
- Vask av klede i vaskemaskin og hjelp til å henge opp
- Vask av kjøkkenbenk
Ikkje inkludert:
- Stryking av klede
- Reinhald over skulderhøgde
- Reinhald av rom som ikkje er i bruk
- Innvendig reinhald av mikrobølgeomn
- Innvendig reinhald av kjøleskap
- Vindausvask
- Vask av kjøkkeninnreiing
- Risting av teppe
- Hagearbeid
- Nedvask og vindaugsreinhald
- Baking
- Rydde og vaske etter pårørande eller besøkjande
- Hjelp til kjæledyrhald
- Flytte bossdunkar eller frakte boss
- Gjere i stand til høgtider
- Flytte møblar
- Måke snø
- Hente ved og fyre i omnen
Forventningar:
Til kommunen:
- Følgje HMS-krav – det er ikkje tillate å bruke stige/krakk
- Gje deg beskjed i rimeleg tid dersom avtalar vert utsett eller avlyst
- Du betalar ikkje for tenester som ikkje vert utført
- Fortløpande vurdering av hjelpebehov
Til deg:
- Vere til stades når tenesteytar kjem
- Sørgje for at nødvendig utstyr til vask og reinhald er tilgjengeleg, inkludert: mopp og skaft, bøtte, kluter til støvtørk og vaskemiddel
- Ha robotstøvsugar tilgjengeleg – dette er ein føresetnad for tildeling av reinhaldshjelp
- Ha oppvaskmaskin og vaskemaskin med tørkestativ
- Avbestille seinast dagen før kl. 12.00. Skjer ikkje dette, vert du fakturert for avtalt tid
- Gje beskjed i god tid ved endringar
Slik søkjer du
Her finn du det elektroniske skjemaet.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når får du svar
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6 bokstav b.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS registrering
Ja. IPLOS tenestetype 1: Praktisk bistand – daglege gjeremål.