Mål for tenesta
Målet er at du i størst mogleg grad skal meistre daglege gjeremål og halde ved like eller tileigne seg nye ferdigheiter.
Kostnad
Ingen eigenbetaling.
Vilkår for tildeling
Du treng opplæring, rettleiing eller tilrettelegging i daglege gjeremål, eller hjelp til å organisere kvardagen. Det vert lagt vekt på om du evnar å tileigne deg kunnskapen.
Praktiske opplysningar
Omfang, formål og tidsavgrensing vert presisert i vedtaket. Hjelpebehov vert vurdert fortløpande.
Ikkje inkludert:
Praktisk bistand til gjeremål der tenestemottakar ikkje tek del eller ikkje trenar på å meistre sjølv.
Forventningar:
Til kommunen:
Opptre respektfullt, gje beskjed ved avlysingar og gjere fortløpande vurdering av behov.
Til deg:
Ta aktivt del i utføringa av gjeremåla som skal gjerast.
Slik søkjer du
Her finn du det elektroniske skjemaet.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når får du svar
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6 bokstav b.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS registrering
Ja. IPLOS tenestetype 2: Praktisk bistand – opplæring daglege gjeremål.