Stortingsvalet 2025

Parkeringsløyve for forflytningshemma

Parkeringsløyve for forflytningshemma

Er du bilførar eller passasjer og har særlege problemer med å bevege deg over lange strekningar, kan du søkje om parkeringsløyve for rørslehemma.

Kven kan få parkeringskort?

Om du har ein sjukdom eller nedsett funksjonsevne som gjer at du har problem med å gå litt lengre avstandar, kan du ha rett på eit parkeringsløyve. Når vanleg parkeringstilbod er vanskeleg for deg å nytte, kan du ha rett på eit slikt løyve.

Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.

Løyvet har form av eit personleg parkeringskort som gir deg rett til parkering på merka parkeringsplassar.

Førar:

  • Søkaren kan ikkje gå eller har store vanskar med å bevege seg over noko lengde (forflyttingshemma).
  • Søkaren må ha et særleg behov for parkeringslette.

Passasjer:

  • Søkaren kan ikkje gå eller har store vanskar med å bevege seg over noko lengde (forflyttingshemma).
  • Søkaren må ha et særleg behov for parkeringslette.
  • Søkaren må ha behov for regelmessig tilsyn utanfor motorvogna.

 

 

Kva dekkjer tenesta?

  • Parkeringsbeviset gir deg løyve til å parkere på merka parkeringsplassar.
  • Beviset gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med forsida godt synleg.
  • Beviset gjeld også i heile Europa, men då etter dei enkelte land sine reglar.
  • Løyvet kan bli gitt for inntil 5 år. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis får du parkeringsløyve?

Du kan søkje elektronisk her

Du må hugse å legge ved dokumentasjon frå legen din.

Her er eit skjema som legen din kan nytte (PDF, 2 MB), og ei rettleiing for legen (PDF, 3 MB).

I tillegg må du også levere eit foto som skal brukast på kortet.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd når søknaden er komplett.

 

Utgått parkeringsbevis

Søkaren er sjølv ansvarleg for å sende søknad om nytt løyve i god tid før det førre går ut. Det blir antatt at 6 månader før utløpstida vil vere tilstrekkeleg; av omsyn til eventuell klagehandsaming.

 

Sjå Statens vegvesen for meir utfyllande informasjon om parkeringsbevis I Parkeringstillatelse for forflytningshemmede | Statens vegvesen

Kontakt

Elin Rokstad
informasjonskonsulent
E-post
Mobil 97 75 44 03