Mål for tenesta
Gjere det mogleg for pårørande å halde fram med omsorgsarbeidet, og bidra til best mogleg omsorg for den som treng hjelp.
Kostnad
Omsorgsstønad er skattepliktig inntekt og gjev opptening av pensjonspoeng.
Vilkår for tildeling
Du har særleg tyngande omsorgsoppgåver over tid, til
dømes:
- Oppgåvene er meir fysisk eller psykisk belastande enn normalt
- Det dreier seg om eit stort tal timar per månad
- Det er mykje nattarbeid eller avbrote nattesøvn
- Det har ført til sosial isolasjon og mangel på ferie og
fritid - Du har omsorg for meir enn éin person
- Foreldrar med barn der omsorga klart overstig vanleg omsorgsarbeid for barn på same alder
Inntektstap er ikkje eit vilkår for tildeling av omsorgsstønad.
Praktiske opplysningar
Omfang og sats vert fastsett etter heilskapleg, individuell vurdering. Gjeldande satsar er tilgjengelege på
sande.kommune.no. Omsorgsstønaden vert sett i samanheng med eventuell hjelpestønad frå NAV – hjelpestønaden vert trekt frå omsorgsstønaden. Gjeldande satsar er tilgjengelege på sande.kommune.no.
Omsorgsstønaden vert sett i samanheng med eventuell hjelpestønad frå NAV – hjelpestønaden vert trekt frå omsorgsstønaden.
Forventningar:
Til kommunen:
- Omsorgsstønad tek slutt umiddelbart når omsorgsbehovet fell bort
- Kan midlertidig opphøyre ved innlegging i institusjon eller sjukehus
- Du vert varsla skriftleg om endringar
Til deg:
- Søk om hjelpestønad frå NAV samstundes – denne vert
trekt frå omsorgsstønaden - Informer kommunen dersom hjelpebehovet endrar seg
Slik søkjer du
Her finn du det elektroniske skjemaet.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når får du svar
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-6.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter §§ 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.
IPLOS registrering
Ja. IPLOS tenestetype 11: Omsorgsstønad.