Mål for tenesta
Sørge for at heimebuande som ikkje greier å lage middag sjølve, får tilstrekkeleg ernæring og kan bu heime lengst mogeleg.
Kostnad
Det er krav om eigenbetaling. Satsen vert justert årleg av kommunestyret og fakturert etterskotsvis kvar måndad. Du betalar for middag som ikkje er avbestilt seingast kl 12.00 dagen før levering.
Prisliste
Vilkår for tildeling
Du er heimebuande med nedsett funksjonsnivå og ikkje greier å iivareta ernæringsbehovet ditt sjølv på grunn av fysisk, psykisk eller sosial funksjonsnedsetting.
Praktiske opplysningar
Levering skjer tre dagar i veka (måndag, onsdag, fredag).
Avbestilling skal skje seinast kl. 12.00 dagen før. For måndagslevering er fristen fredag kl. 15.00.
Du får ukemeny for komande veke.
Til brukarar på øyane vert det levert kalde middagar.
Medisinsk dokumentert diett eller findelt mat vert levert etter behov.
Ikkje inkludert:
Tenesta inkluderer ikkje andre måltid enn middag.
Forventningar:
Til kommunen:
Middag vert levert i samsvar med vedtak og gjeldande forskrift om næringsmiddelhygiene.
Til deg:
Gje beskjed om spesialkost, allergi og diettar.
Vere til stades ved levering, eller avtale korleis middagen skal leverast.
Gje ny søknad dersom du ønskjer fleire leveringsdagar.
Betale faktura til rett tid. Ubetalte fakturaer etter purring medfører at tenesta vert sett i bero. To månadars manglande betaling fører til at tenesta vert avslutta.
Slik søkjer du
Her finn du det elektroniske skjemaet.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når får du svar
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 og § 3-2 nr. 6 bokstav b. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1a.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS registrering
Kommunen er pålagt å gjere IPLOS-registrering.