Syn

Syn

Hjelpemiddel skal bidra til å gjer kvardagen enklare, meir oversiktleg og fremme sjølvstendigheit. Syn er del av denne tenesta.

Lovgrunnlag

Samarbeidsavtale mellom NAV hjelpemiddelsentral og kommuna knytt til folketrygdlova

Rett til å klage

Det kan ikkje klagast på tildeling av denne tenesta

Kostnad

Ingen eigenbetaling, men tiltak som blir anbefalt kan utløyse ein kostnad.

Mål for tenesta

Fremje aktivitet, deltaking, sjølvstende og meistring i kvardagen.

Vilkår for tildeling

For å ha rett til hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelstral ligg dette til grunn: Verdas helseorganisasjon (WHO) har kategorisert ulike gradar av synssvekking. Moderat synssvekking er definert som visus 0,33 eller dårlegare på beste auge med beste korreksjon, det vil seie med riktige briller eller kontaktlinser. Med avstandsvisus eller nærvisus på 0,33 eller dårlegare vil dei fleste få problem med å lese avisskrift på vanleg leseavstand. Dette er også valt som hovudkriteriet for rett til synshjelpemiddel i Noreg.

Dersom visus er betre enn 0,33, kan synsfeltutfall, nedsett kontrastsyn, nedsett mørkesyn eller nedsett adaptasjonsevne mellom lys og mørke redusere synsfunksjonen i så stor grad at kriteria likevel er oppfylte.

Praktiske opplysningar

Synskontakta skal bidra til at personar med synstap får rett hjelpemiddel, opplæring og oppfølging. Ein treng ikkje tilvising til synskontakt, ein kan ta kontakt direkte. Synskontakta kan gjer ei kartlegging i heimen din, eller du kan komme på kontoret lokalisert på Sandetun Omsorgssenter.

Forventningar til kommuna

Halde seg fagleg oppdatert og utarbeide individuelt tilpassa tiltak. Samt ansvar for vedlikehald og service av hjelpemiddel.

Forventningar til deg

Vere motivert til endring og eigeninnsats

Slik søkjer du

Ta kontakt med ergoterapeuten vår: Kontaktinformasjon finn du nedst i artikkelen. 

Kontakt

Rebecca Høydalsvik
Ergoterapeut