Høyrsel

Høyrsel

Hjelpemiddel skal bidra til å gjer kvardagen enklare, meir oversiktleg og fremme sjølvstendigheit. Høyrsel er del av denne tenesta.

Lovgrunnlag

Samarbeidsavtale mellom NAV hjelpemiddelsentral og kommuna knytt til folketrygdlova

Rett til å klage

Det kan ikkje klagast på tildeling av denne tenesta

Kostnad

Ingen eigenbetaling, men tiltak som blir anbefalt kan utløyse ein kostnad.

Mål for tenesta

Fremje aktivitet, deltaking, sjølvstende og meistring i kvardagen.

Vilkår for tildeling

For å ha rett til hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelstral ligg dette til grunn: Varig høyrselstap (forventa å vare i meir enn to år). Høyrselstapet fører til vesentlege utfordringar i dagleglivet, som å oppfatte tale i samtalar, deltaking i møte, undervisning eller sosiale aktivitetar eller å høyre varslingar, alarmar eller ringeklokker, samt bruk av telefon eller andre kommunikasjonsløysingar. 

Praktiske opplysningar

Høyrselskontakta skal bidra til at personar med høyrselstap får rett hjelpemiddel, opplæring og oppfølging. Ein treng ikkje tilvising til høyrselskontakt - ein kan ta kontakt direkte. Høyrselskontakta kan gjer ei kartlegging i heimen din, eller du kan komme på kontoret lokalisert på Sandetun Omsorgssenter. Høyrselskontakta bidreg med hjelpemiddel knytt til høyrselstapet ditt eller til høyreapparat, men gjer ikkje innstillingar på høyreapparat, sender ikkje inn høyreapparat til reparasjon eller gjer dagleg reinhald/bytte av delar knytt til høyreapparatet. 

Forventningar til kommuna

Halde seg fagleg oppdatert og utarbeide individuelt tilpassa tiltak. Samt ansvar for vedlikehald og service av hjelpemiddel.

Forventningar til deg

Vere motivert til endring og eigeninnsats

Slik søkjer du

Ta kontakt med ergoterapeuten vår: Kontaktinformasjon finn du nedst i artikkelen. 

Kontakt

Rebecca Høydalsvik
Ergoterapeut