Kva er følgjekort?
Sidan 2001 har Sande kommune hatt ordning med følgjekort.
Alle personar med funksjonsnedsetting som har behov for følgjeperson på kulturaktivitetar, kan søkje om å få kortet. Det vil gi rett til å betale for ein person på arrangementet under føresetnad av at arrangør har akseptert ordninga.
Følgjekort gjer det mogleg å ha med seg følgje på diverse fritids- og kulturarrangement utan at følgjehjelpar må betale inngangsbillett. Følgjebeviset gjeld også offentleg transport der ein treng assistanse for å kunne reise.
Følgjekortet er eit personleg kort med namn og bilete som fortel at vedkomande er avhengig av å ha med seg følgjehjelp.
Dei som får innvilga ordninga, får tilsendt eit kort som er gyldig for tre år i gongen. Dette gjeld og utanfor kommunegrensene, alle kommunene i Møre og Romsdal har same ordning.
Her kan du lese meir om ordninga
Kva kostar det?
Ordninga er gratis.
Korleis søkjer eg?
Her kan du søkje elektronisk på tenesta
Du må også levere
- eit foto som kan brukast på kortet og
- uttale frå lege, legespesialist, godkjend offentleg helseinstitusjon eller Sande kommmune si helse-og omsorgsteneste som seier noko om behovet for å ha med ein hjelpeperson.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk, kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Når får eg svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.