Mål for tenesta
Motverke isolasjon og bidra til auka livskvalitet hjå personar med nedsett funksjonsnivå.
Kostnad
Ingen eigenbetaling
Vilkår for tildeling
Du har fysiske og/eller psykiske utfordringar som gjer at du treng fylgjeperson på til dømes kino, kulturarrangement og liknande.
Praktiske opplysningar
- Kortet er eit dokument med bilete som kan visast ved inngang til arrangement.
- Fylgjepersonen kan vere ein ven, eit familiemedlem eller ein støttekontakt.
- Kortet er tidsavgrensa til maksimalt 3 år.
- Kommunikasjonsavdelinga i Sande handsamar søknaden og utferdar kortet.
Ikkje inkludert:
Kortet gjeld ikkje for andre formål enn dei det er utferda for.
Forventningar:
Til kommunen:
Opptre på ein respektfull måte. Det går fram av kortet om du treng éin eller to personar som fylgje.
Til deg:
- Gje nødvendige opplysningar, inkl. passfoto og legeerklæring.
- Gjer deg kjend med korleis kortet skal nyttast.
- Søk på nytt før kortet går ut på dato.
Slik søkjer du
Her kan du søkje om følgjekort
Du må også levere
- eit foto som kan brukast på kortet og
- uttale frå lege, legespesialist, godkjend offentleg helseinstitusjon eller Sande kommmune si helse-og omsorgsteneste som seier noko om behovet for å ha med ein hjelpeperson.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk, kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Når får du svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Lovgrunnlag
Ikkje lovpålagt teneste
Rett til klage
Det kan ikkje klagast på tildeling av denne tenesta..
IPLOS registrering
Det er ikkje krav om IPLOS-registrering.