Ergoterapi

Ergoterapi

Ergoterapi er ei helsefremmande, førebyggjande og rehabiliterande og habiliterende teneste. Tenesta fokuserer på mennesket sine ressursar når det er eit gap mellom helse og kvardagens krav, ved å tilretteleggje for aktivitetar og gje råd og rettleiing.

Mål for tenesta 

Fremje aktivitet, deltaking, sjølvstende og meistring. Setje søkjar i stand til å utvikle, gjenvinne eller oppretthalde funksjonsnivå.

Kostnad 

Å få hjelp av ergoterapeut er gratis.

Vilkår for tildeling

Tenesta kan vere aktuell for søkjar som:

  • Har behov for tilrettelegging ved oppstart i barnehage eller i overgang mellom barnehage og skule
  • Har forseinka utvikling
  • Har syn- eller høyrselvanskar
  • Har somatiske, fysiske og/eller psykiske helseutfordringar som påverkar kommunikasjon og kognisjon
  • Brått eller gradvis har fått utfordringar med kvardagsaktivitetar
  • Har skade, sjukdom eller smerter som påverkar dagleglivet
  • Har behov for tilrettelegging og/eller opptrening etter sjukehusopphald, rehabilitering eller korttidsopphald

Praktiske opplysningar

  • Tenesta vert tildelt etter fagleg vurdering av alvorleiksgrad og tiltakets nytte.
  • Kartlegging skjer der det er mest tenleg – heime, i nærmiljø, barnehage, skule eller arbeidsplass.
  • Oppfølging kan bestå av: råd og rettleiing om trening/stimulering i praktiske gjeremål, trening i konkrete aktivitetar, opplæring av søkjar/pårørande/nærpersonar, bistand til søknad om tekniske hjelpemiddel, tilrettelegging av fysiske omgjevnadar.
  • Tenesta vert gjeven på kvardagar på dagtid.
  • Du kan sjølv ta direkte kontakt med tenesta utan tilvising.

Hjelpemiddel

Les meir om hjelpemiddel.

Forventningar: 

Til kommunen:

Opptre respektfullt og justere tiltak fortløpande etter behov.

Til deg: 

  • Bidra aktivt til å formulere mål
  • Delta aktivt ut frå eigne føresetnader
  • Gje beskjed i god tid ved avlysing av timar

Slik søkjer du

Du kan ta kontakt direkte med ergoterapeut eller be om tilvisning vidare frå andre tenester.

Lovgrunnlag

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2, andre ledd, samt § 3-3.

Rett til klage

Det kan ikkje klagast på tildeling av denne tenesta.

Kontakt

Rebecca Høydalsvik
autorisert ergoterapeut