Kven kan få tenesta?
Alle innbyggjarane i Sande kommune som har behov for tenesta får dette. Tenesta er for deg som grunna sjukdom, skade eller andre årsaker har fått redusert funksjonsevne som gjer det vanskeleg å utføre daglege gjeremål. Her er nokre døme på kva ergoterapi kan vere:
- Førebyggande tiltak
- Tverrfaglig habilitering og rehabilitering
- Rettleiing, informasjon og undervisning
- Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon
- Kartlegge funksjonar og tilpasse aktivitetar
- Legge til rette fysiske omgjevnader i heim, skule, barnehage
- Trening av daglege gjeremål
- Delta i ansvarsgrupper i tverrfaglige team
- Gje uttale om trygdefinansierte tiltak og utbetringstilskot til bustad
- Universell utforming
Hjelpemiddel
Les meir om hjelpemiddel her.
Slik får du tenesta:
Du kan ta kontakt direkte med Solveig Hagen Sandvik på solveig.hagen.sandvik@sande.kommune.no og be om at ho tek kontakt med deg.
Skriv berre at du vil ho skal ta kontakt med deg og ikkje skriv noko om personlege utfordringar eller problem du har.
Har du ikkje høve til å sende e-post kan du ringe sentralbodert på 70026700 og vi vil formidle melding til henne. Solveig fungerer i denne rolla inntil vi har på plass ein ergoterapeut.
Du kan også be om tilvising vidare frå andre tenester.
Kva kostar tenesta?
Å få hjelp av ein ergoterapeut er gratis.