Mål for tenesta
Personar med sterk funksjonshemming skal få eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig liv.
Kostnad
Eigenbetaling for den delen som gjeld praktisk bistand til daglege gjeremål. Dette spesifiserast i vedtaket.
Prisliste
Betaling for heimehjelp - 2026
Vilkår for tildeling
- Du fyller vilkåra i pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 d
- Du er under 67 år og har behov for hjelp meir enn 25 timar per veke. Personar over 67 år kan ha rett til BPA, men har ikkje ein ubetinga rett
- Dei med behov mellom 25 og 32 timar per veke har rett til BPA med mindre dette er uforholdsmessig
kostnadskrevjande - Dei med behov over 32 timar per veke har ein ubetinga rett til BPA
- Behovet er langvarig og samansett
- Du evner å ivareta arbeidsleiarrolla, eller har ein person som kan fungere som medarbeidsleiar
Praktiske opplysningar
- Sande kommune har konsesjonsavtale med private leverandørar. Du vel sjølv kva leverandør du ønskjer.
- Nær familie (foreldre, søsken, ektefelle/sambuar) tilsetjast normalt ikkje som BPA-assistent.
- Helsetenester inngår som hovudregel ikkje i BPA-ordninga.
- BPA vert normalt ikkje tildelt for den tida tenestemottakaren er i barnehage, skule, arbeid eller liknande.
- Dersom søkjar har behov for punktvise natt-tenester, har vedkomande ikkje rett til BPA om natta – desse behova vert dekte av andre kommunale helse- og omsorgstenester.
- Om du vert lagt inn på sjukehus eller institusjon, vert BPA normalt sett på mellombels opphald. Timar kan ikkje samlast opp.
Ikkje inkludert:
Tenester som krev fleire enn éin tenesteytar, nattenester utan kontinuerleg behov, og hjelp knytt til skule og arbeid.
Forventningar:
Til kommunen:
- Fortløpande vurdering av hjelpebehov
- Revurdering av tenesta minimum éin gong per år
- Overordna ansvar for kontroll og oppfølging av ordninga
Til deg:
- Gjer deg kjend med innhaldet i vedtaket
- Signere avtale med kommunen og leverandør
- Disponere tildelte timar i tråd med vedtaket
- Varsle assistent snarast mogleg dersom du ikkje er heime til avtalt tid
Slik søkjer du
Her finn du det elektroniske skjemaet.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når får du svar
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-8. Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a og § 2-1 d.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS registrering
Ja. IPLOS-registrering vert gjort.