Kven kan få levert mat?
Tilbodet gjeld eldre og personar med nedsett funksjonsnivå, som av ulike årsaker ikkje klarer å lage middag sjølve.
Heimetenesta køyrer ut mat måndag, onsdag og fredag. Dersom du vil ha middag frå Sandetun kvar dag, tek dei med middag for dei andre dagane også. Desse porsjonane må du sjølv varme opp.
Kva kostar det?
Bringa middag heim - 2024
Kommunestyret revurderer prisane ved kvart årsskifte. Du må avbestille innan klokka 12 dagen før, elles blir du fakturert som vanleg.
Korleis søkjer du?
Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 eller tenestekoordinering - 91625895 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Prisar andre tenester - Helse og omsorg
Diverse tenester i helse og omsorg -2024
Når kan du vente svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.