Bringing av mat heim

Bringing av mat heim

Er du eller nokon du tek deg av, ikkje er i stand til å lage middag sjølv? Då kan du søkje om å få levert middag heim frå kjøkkenet ved Sandetun omsorgssenter.

Kven kan få levert mat?

Tilbodet gjeld eldre og personar med nedsett funksjonsnivå, som av ulike årsaker ikkje klarer å lage middag sjølve.

Heimetenesta køyrer ut mat måndag, onsdag og fredag. Dersom du vil ha middag frå Sandetun kvar dag, tek dei med middag for dei andre dagane også. Desse porsjonane må du sjølv varme opp.

 

Kva kostar det?

Bringa middag heim - 2026

Bringa middag heim - 2026
Bringing av middag heimpris
kr 130

 

Kommunestyret revurderer prisane ved kvart årsskifte. Du må avbestille innan klokka 12 dagen før, elles blir du fakturert som vanleg.


Korleis søkjer du?

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

 

Prisar andre tenester - Helse og omsorg 

Diverse tenester i helse og omsorg -2026

Diverse tenester i helse og omsorg -2026
Tenestepris pr stkPris pr dag/døgnabonnement pr mndAnna
KorttidsopphaldEtter forskrift
Dagopphald institusjonEtter forskrift
Nattopphald institusjonEtter forskrift
AvlastningsplassEtter forskrift
Dagsentertilbod inkl. matkr 195
Tøy og vask av tøy i omsorgsbustadarkr 493
Nedvask omsorgsbustadarkr 5723
Langtidsplass sjukeheimEtter sentral forskrift
FysioterapiEtter sentral forskrift
Mat - fullkostkr 220
Mat - frukost, lunsj, kveldskr 80
Mat- middagkr 130
Influsensavaksinekr 220
Pneumokoovaksinekr 433


Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65