Kva er ein avlastingsplass?
Ein avlastningsplass gir deg den daglege omsorga og pleie som du treng under opphaldet.
Tidspunkt for opphaldet og tenesta vert avtalt med deg og/ eller dei pårørande.
Kva kostar ein avlastingsplass?
Ein avlastningsplass er gratis.
Om du i tillegg treng andre tenester, til dømes fysioterapi, legetilsyn og frisør, må du betale for dette etter eigne satsar.
Korleis søkjer eg?
Du kan søkje på elektronisk skjema her.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 eller tenestekoordinering - 91625895 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når kan du vente svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.