Avlastning

Avlastning

Avlastning er eit tilbod for personar som yter særleg tyngande omsorgsarbeid. Avlastninga gjev omsorgsytaren nødvendig kvile, ferie og fritid.

Mål for tenesta 

Gje omsorgsytaren nødvendig kvile og avlasting, slik at dei kan halde fram med omsorgsarbeidet over tid.

Kostnad 

Avlastning er gratis.

Vilkår for tildeling

  • Du har særleg tyngande helse- og omsorgsoppgåver over tid
  • Den som treng omsorg kan ikkje vere aleine heile eller deler av døgnet
  • Situasjonen avgrensar moglegheita for nødvendig ferie og fritid

Praktiske opplysningar

  • Avlastning kan gjevast heime, i institusjon eller på annan eigna stad. Omfang og form vert fastsett i vedtaket. 
  • Avlastning i institusjon vert tildelt med inntil 14 dagar om gongen. 
  • Søknad om sommaravlastning skal sendast innan 15. mars.
  • Avlastning i institusjon er ikkje tilgjengeleg i veke 29. 
  • Avlastning vert ikkje gjeve på: 1. nyttårsdag, skjærtorsdag, langfredag, påskeafta, 1. og 2. påskedag, 17. mai, pinseafta, 1. og 2. pinsedag, juleafta, 1. og 2. juledag og nyttårsafta. 
  • Bytte av oppsett avlastning skjer som hovudregel ikkje. 
  • Unytta oppsett avlastningstid vert ikkje erstatta. 
  • Skyss mellom heim og avlasting vert vurdert individuelt.

Forventningar: 

Til kommunen:

Opptre respektfullt og sørgje for god omsorg under
avlastninga.

Til deg:

  • Gje beskjed i god tid dersom behovet endrar seg.
  • Ta med nødvendige legemiddel med dokumentasjon frå lege, nødvendig medisinsk eingongsutstyr og private artiklar merka med namn.
  • Private eigendelar vert tekne med på eige ansvar. Det vert ikkje tilrådd å ta med større pengebeløp eller verdisaker.
  • Høyreapparat og tannprotese må vere privat forsikra.

Slik søkjer du

Her finn du det elektroniske skjemaet

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når får du svar

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Lovgrunnlag

Helse- og omsorgstenestelova § 3-6 punkt 2.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.

Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.

Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.

IPLOS registrering

Ja. IPLOS tenestetype 7 (utanfor institusjon) og 8 (i institusjon).

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste