Mål for tenesta
Medisinsk utgreiing, behandling og rehabilitering – for at du skal kunne vende tilbake til eigen bustad, eller fastslå rett framtidig tenestenivå. Kommunen pliktar etter hol. § 4-1 å yte fagleg forsvarleg hjelp, og kan ikkje avslå nødvendig korttidsopphald på reint ressursmessig grunnlag.
Kostnad
Eigenbetaling per døgn etter sats fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet. Eigenandel til transport mellom kommunen og spesialisthelsetenesta vert betalt av innbyggjar sjølv.
Vilkår for tildeling
- Du er utskriven frå sjukehus, men treng eit opphald på sjukeheim eller tilsvarande institusjon før heimreise
- Du har behov for medisinsk utgreiing, behandling og rehabilitering
- Du har eit tidsavgrensa og omfattande hjelpebehov der fagleg forsvarleg helsehjelp ikkje kan gjevast i heimen
- Du har behov for kartlegging og planlegging av vidare tenester
- Du treng terminalpleie og palliativ behandling
Praktiske opplysningar
- Eigenbetalinga dekkjer kost, losji og legemiddel.
- Du får oppfølging frå sjukeheimslege ved behov.
- Ta med nødvendige legemiddel med dokumentasjon frå lege, nødvendig medisinsk eingongsutstyr, inkontinensprodukt og private artiklar merka med namn.
- Du er ansvarleg for transport til og frå opphaldet. Du kan søkje reisestøtte via Pasientreiser – bestill på førehand eller søk refusjon i etterkant.
- Det kan hende du må dele rom med ein annan pasient.
Forventningar:
Til kommunen:
- Skriftleg enkeltvedtak med målsetting og omfang
- Kommunen held kost, losji, medisinar og nødvendige kommunale helse- og omsorgstenester
- Opptre respektfullt og støtte opp under eigenomsorg og eigne ressursar
Til deg:
- Ta ansvar for personlege verdisaker under opphaldet
- Røyking er berre tillate ved tilvist uteareal
- Alkoholbruk som kan hindre formålet med opphaldet kan føre til avbrutt opphald
- Merkje private klede med namn
- Pårørande har ansvar for å merkje private klede med namn og halde garderobane oppdaterte
- Oppgi nødvendige helseopplysningar ved innlegging
Slik søkjer du
Her finn du det elektroniske skjemaet.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når får du svar
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6 bokstav c.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS registrering
Ja. IPLOS-tenestetype 18: Tidsavgrensa opphald utgreiing/behandling, 19: Re-/habilitering, 20: Anna.