Mål for tenesta
Sikre eit verdig, trygt og meiningsfylt liv med den pleie, omsorg og medisinske behandling du treng. Kommunen er etter hol. § 4-1 forplikta til å yte nødvendig og fagleg forsvarleg hjelp – tenesta kan ikkje avslåast på reint ressursmessig grunnlag dersom behovet er tilstades.
Kostnad
Vederlagsbetaling jf. Vederlagsforskrifta. Vederlaget dekkjer kost, losji, medisinar, medisinsk utstyr og kommunale helse- og omsorgstenester.
Vilkår for tildeling
Langtidsopphald vert vurdert etter ei helse- og omsorgsfagleg heilskapsvurdering. Det vert mellom anna vurdert:
- Kva type tenester du treng og kor varig behovet er
- Om du har evne til å tilkalle hjelp ved behov
- Om hjelpemiddel eller tilrettelegging kan fremje meistring i heimen
- Om alternativ til langtidsopphald er prøvd ut og vurdert å ikkje vere tenleg
- Om du er samtykkekompetent og har kognitive evner som ikkje medfører alvorleg risiko
- Kva konsekvensar eit avslag vil ha
- LEON-prinsippet og omsorgstrappa vert alltid nytta aktivt i vurderinga
Praktiske opplysningar
- Rommet kan møblerast i samråd med institusjonen.
- Alle med langtidsopphald har rett til gratis, nødvendig tannbehandling jf. tannhelsetenestlova.
Ikkje inkludert:
- Telefonutgifter
- Avisabonnement
- Frisør og fotpleie
- Andre velværebehandlingar
- Klede og hygieneprodukt utover det institusjonen tilbyr
- Privat tannlege og fastlegetimar
- Briller, høyreapparat og forsikring av private eigendelar
Forventningar:
Til kommunen:
- Opptre respektfullt overfor deg og dine pårørande
- Leggje til rette for dialog og samarbeid med næraste pårørande
- Gje hjelp til eigenomsorg i samsvar med dine ressursar
Til deg:
- Møble rommet i samråd med institusjonen
- Pårørande følgjer normalt til tannlege, undersøkingar og kontrollar
- Private eigendelar er ikkje forsikra av kommunen
- Merkje private klede med namn
- Gje nødvendige opplysningar til vederlagsberekningane
Slik søkjer du
Her finn du det elektroniske skjemaet.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når får du svar
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6 bokstav c og § 3-2 a.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS registrering
Ja. IPLOS tenestetype 21: Langtidsopphald i institusjon.