KorttidsopphaldDersom du treng sosial, psykososial eller medisinsk habilitering eller rehabilitering, kan du søkje om eit korttidsopphald på institusjon. Dei fleste korttidsopphalda tildelast ved Tingstova, Sandetun sjukeheim.Kva kostar det?Betaling er regulert etter forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester i institusjon. Korleis søkjer eg?Her finn du det elektroniske søknadsskjemaeteller sjukehuset kan søkje for deg dersom dei saman med deg finn ut at dette kan vere eit godt alternativ til deg for ei periode.Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 eller så får du hjelp til å søkje på papir.Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.Når kan eg vente svar?Vi svarar så fort vi kan. Du får eit skriftleg svar innan 3 veker. Nyttige lenker:Helse- og omsorgstenestelova §3-2, pkt 5Lov om pasient- og brukarrettar §2-1aForskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinatorForskrift om ei verdig eldreomsorg Sist endra 20.02.2025 14:39