Mål for tenesta
Gje akutt hjelp på institusjonsnivå utan at sjukehusinnlegging er nødvendig. Tilbodet er forankra i kommunen si plikt til fagleg forsvarleg hjelp etter helse- og omsorgslova § 4-1.
Kostnad
Ingen eigenbetaling. Transport: Du er ansvarleg for transport til og frå opphaldet. Reisestøtte kan søkjast via Helsenorge/pasientreiser til næraste stad der du kan få behandling.
Vilkår for tildeling
- Du har ein avklart medisinsk situasjon
- Innleggande lege har utarbeidd innleggingsnotat
- Opphaldet kan vare inntil 3 døgn
Praktiske opplysningar
- Sande kommune har éin akuttplass lokalisert ved Sandetun omsorgssenter.
- Fastlege, legevaktslege og lege i akuttmottak kan legge inn pasientar etter avtale med KAD-ansvarleg sjukepleiar.
Ikkje inkludert:
- Transport til/frå opphaldet.
- KAD skal ikkje erstatte nødvendig sjukehusinnlegging.
Forventningar:
Til kommunen:
- Opptre respektfullt og følgje plan frå innleggande lege.
Til deg:
- Gjer deg kjend med vilkåra for eit KAD-opphald.
Slik søkjer du
Her finn du det elektroniske skjemaet.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når får du svar
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-5, tredje ledd. Enkeltvedtaksreglane gjeld ikkje for KAD-plass.
Rett til klage
Det kan ikkje klagast på tildeling av denne tenesta.
Du kan likevel klage på sjølve utføringa av helsehjelpa etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7 – klagen rettast til einingsleiar og kan vidare sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Du kan likevel klage på sjølve utføringa av helsehjelpa etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7 – klagen rettast til einingsleiar og kan vidare sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
IPLOS registrering
Ja. IPLOS-registrering vert gjort.