I Sande kommune er det sakshandsamar i helse og koordinerande eining som fattar vedtak om eigenbetaling. Utgangspunkt for eigenbetaling er vedtak om langtidsopphald/korttidsopphald.
Det vert fatta eit førebels betalingsvedtak og kommunen sender deg vedtaket. Beløpa som vert lagt til grunn er inntektsopplysning frå NAV, forskotsskatt, beløp basert på skatteoppgjeret frå i fjor og skjema «Oppgåve over inntektstilhøve» som bebuar/pårørande må sende inn.
Vi ønsker at beløpa skal vere mest mogleg korrekte i forhold til reelle inntekter og frådrag slik at kontrollutrekninga ikkje resulterer i at du vert skuldig store beløp i etteroppgjeret. Dersom det er vesentlege endringar i økonomien som ikkje kjem fram av skatteoppgjeret frå året før, er det difor viktig at du kontaktar sakshandsamar.
Nye, førebelse utrekningar av eigenbetalinga vert gjort dersom kommunen får kjennskap til at den økonomiske situasjonen til bebuar har endra seg vesentleg. Endringsvedtak vert sendt ut ved endring av grunnbeløpet (G) i folketrygda per 01.05. Nye/endra vedtak vert utsendt i løpet av juli-november.
Når skatteoppgjeret for føregåande år er klart, kontrollreknar kommunen eigenbetalinga frå føregåande år. Denne kontrollrekninga kan vise at du har betalt for lite. Du vert då skuldig i etteroppgjeret og vil få krav om innbetaling. Har du betalt for mykje, vert kommunen skuldig og du vil få tilbakebetalt. Etteroppgjera/kontrollrekningane vert gjort når skatteoppgjera frå føregåande år vert tilgjengeleg for sakshandsamar, hovudsakleg i perioden ca. juli- november. Etteroppgjera/kontrollrekninga vert gjennomført årleg.