Dag- eller nattopphald i institusjon

Dag- eller nattopphald i institusjon

Dag- eller nattopphald er eit tilbod for heimebuande eldre som av helsegrunnar treng eit tidsavgrensa opphald ved sjukeheimen. Transport til og frå kan arrangerast ved behov.

Mål for tenesta 

Gje heimebuande eldre ein meiningsfull kvardag, førebyggje funksjonssvikt, og gje pårørande avlasting.

Kostnad 

Eigenbetaling etter gjeldande sentral forskrift. Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester.

Vilkår for tildeling

  • Førebygge einsemd
  • Førebygge behov for heildøgns institusjonsplass
  • Du har eit høgt hjelpebehov
  • Pårørande er i arbeid eller treng avlasting
  • Behov for tidsavgrensa medisinsk behandling

Praktiske opplysningar

  • Ta med nødvendig medisin, personlege artiklar, inkontinensutstyr, klede og hjelpemiddel.
  • Gje beskjed om kva måltid du har behov for under opphaldet.

Forventningar: 

Til kommunen:

Opptre respektfullt og leggje til rette for pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg.

Til deg: 

  • Gjer deg kjend med innhaldet i vedtaket
  • Utfør sjølv det du meistrar
  • Gje beskjed så snart som mogleg dersom du ikkje kan delta

Slik søkjer du

Her finn du det elektroniske skjemaet.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når får du svar

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Lovgrunnlag

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1a, andre ledd.
Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 jf. § 3-2 nr. 5.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.

Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.

Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.

Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.

IPLOS registrering

Ja. IPLOS-registrering vert gjort.