Mål for tenesta
Avhjelpe, erstatte eller kompensere for ein funksjonssvikt – slik at du kan meistre kvardagen lengst mogleg på ulike arenaer.
Kostnad
Hjelpemiddel gjeve som helse- og omsorgsteneste er gratis. Eigenbetaling for leige av kommunalt hjelpemiddel følgjer sats vedteke av kommunestyret.
Vilkår for tildeling
Du har behov for hjelpemiddel utover det som er allment tilgjengeleg
Du har kortvarig behov (under to år) – kommunen låner ut
Du har varig funksjonsnedsetting (over to år) – NAV Hjelpemiddelsentral søkjast
Praktiske opplysningar
Kommunen har lager av kortidshjelpemiddel, til dømes: rullator, rullestol, arbeidsstol, dusjkrakk, dusjstol, toalettforhøyar, toalettstol, støttestang og løftehjelp.
Kommunen bidreg i kartlegging og utforming av søknad til NAV for varige hjelpemiddel.
Kommunen gjev opplæring i bruk av aktuelle hjelpemiddel.
Kommunen har ansvar for vedlikehald og service av kommunale hjelpemiddel.
Inn- og utlevering, montering og demontering av hjelpemiddel.
Treng du hjelp til reperasjon av hjelpemiddel kan du ta direkte kontakt med Kim Hauge Sætre. Du kan ta kontakt med han på telefon: 48492549
Ikkje inkludert:
- Hjelpemiddel frå NAV (varige behov – søk på www.nav.no/Hjelpemidler)
NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal er lokalisert i Ålesund.
Langrabben 4, 6013 Ålesund.
Telefon 40702815
- Hjelpemiddel den einskilde forventast å anskaffe sjølv (kvardagsteknologi)
Syn- og høyrselkontakt
Synskontakt kan hjelpe å søke synstekniske hjelpemiddel, samt gi opplæring og oppfølging i bruk av dei. Døme på synshjelpemedel er lupelampe, filterbrille, lese-TV, lydbokavspelar m.m.
Kriterium for å få synstekniske hjelpemiddel er visus (synsskarpheit) på 0,3 eller dårlegare på beste auge.
Høyrselkontakt kan hjelpe å søke høyrseltekniske hjelpemiddel, samt gi opplæring og oppfølging i bruk av dei. Døme på hørselshjelpemiddel er forsterka varsling av ringeklokke, telefon og røykvarslar, samtaleforsterkar, forsterking av lyd frå TV eller radio m.m.
I Sande kommune er det Solveig Hagen Sandvik som er syn- og høyrselkontakt.
HLF – hørselshemmedes landsforbund har likemenn som gir hjelp til personar med høyrselshemming. Dei gir gratis rettleiing og hjelp, samt sel batteri og andre rekvisita til høyreapparat. Dei er å treffe på rådhuset på Larsnes mellom klokka 11 og 13 den tredje torsdagen i kvar månad.
Forventningar:
Til kommunen:
- Gje opplæring i bruk av hjelpemiddel
- Ha ansvar for vedlikehald og service av kommunale hjelpemiddel
Til deg:
- Anskaffe sjølv og ta i bruk helse-/mestringsteknologi og hjelpemiddel som er allment tilgjengeleg
- Lære seg å bruke nødvendig teknologi og hjelpemiddel
- Akseptere bruk av nødvendig teknologi og hjelpemiddel for å motta tenester i heimen
- Sørgje for forsvarleg bruk, enkelt vedlikehald og oppbevaring av hjelpemiddel lånt av kommunen
- Reingjere hjelpemiddel lånt av kommunen før innlevering
- Hjelpemiddel skal reingjerast før innlevering. Manglande reingjering kan medføre gebyr
Slik søkjer du
Ta kontakt med ergoterapeuten vår: Kontaktinformasjon finn du nedst i artikkelen.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2. og samt § 3-3.
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator § 9
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS registrering
Kommunen er pålagt å gjere IPLOS-registrering.