Mål for tenesta
Bidra til at du i størst mogleg grad meistrar eige liv, opplever verdigheit og kan ta eigne val.
Kostnad
Ingen eigenbetaling
Vilkår for tildeling
- Du har psykiske utfordringar og/eller rusutfordringar
- Du er i krise eller i sorg. Behov for samtale som kan dekkjast av lågterskeltilbod (t.d. Mental Helse
hjelpetelefon 116 123 eller Kirkens SOS) gjev ikkje rett til kommunal oppfølging - Du er pårørande til nokon med psykisk helse- og/eller rusutfordringar
- Spesialisthelsetenesta (DPS) åleine kan ikkje dekkje behovet ditt
Praktiske opplysningar
Alle vedtak skal ha ein tydeleg individuell plan med konkrete mål, tiltak og tidsramme. Planen vert evaluert fortløpande og minimum etter tre månader. Tenesta kan mellom anna inkludere: kartlegging, nettverksbygging, aktivisering, strukturering av kvardagen, koordinering av tenester og individuell plan, og tilvising til andre instansar.
Ikkje inkludert:
- Henting av post, snømoking og henting av søppeldunk.
- Støttesamtalar som kan dekkjast av lågterskeltilbod, til dømes Mental Helse sin hjelpetelefon (116 123), KORS på nett, Kirkens SOS eller liknande frivillige tilbod.
Slik søkjer du
Innsøking til rusbehandling skjer som regel via fastlege. Du kan ta direkte kontakt med tenesta, eller få tilvising frå lege eller spesialisthelsetenesta. Tenesta er tilgjengeleg kvardagar 08:00–16:00. Psykisk helse og rus er ikkje ei akutt teneste – ved akutte behov skal du ta kontakt med legevakt eller ringe 113. Sande kommune har ruskoordinator, som er eit lovpålagt lågterskeltilbod for personar med rusmiddelutfordringar og deira pårørande. Tenesta er tidsavgrensa. Behovet vert revurdert etter tre månader. Tenesta kan forlengast, endrast til eit anna tilbod eller avsluttast. Tildelte timar kan ikkje samlast opp – unytta timar fell bort.
Forventningar
Til kommunen:
- Halde teieplikta og møte deg med respekt
- Gje kontakt innan tre veker etter mottatt søknad
- Følgje opp individuelt slik vedtaket skildrar
- Inkludere familie og nettverk der det er ynskjeleg
- Halde avtalte tider
Til deg:
- Halde avtalar og vere til stades når tenesteytar kjem
- Gje beskjed i god tid dersom du ikkje kan møte
- Ha eit eigendefinert ønskje om hjelp
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6 bokstav a.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS-registrering
Ja. IPLOS tenestetype 250: Psykisk helse/rus.