Kva er ABC for god psykisk helse?
ABC er eit kunnskapsbasert rammeverk og ei folkehelsekampanje som handlar om å byggje og styrkje psykisk helse ved å auke helsekompetansen i befolkninga. ABC er utvikla av forskingsmiljø i Australia og Danmark, og blir no teken i bruk i Noreg. ABC står for Act, Belong, Commit, som på norsk er omsett til: gjer noko aktivt, gjer noko saman og gjer noko meiningsfylt.
Gjer noko aktivt
Gjer noko saman
Gjer noko meiningsfyltGjer noko aktivt!
Når du held deg aktiv, vil du kjenne deg meir glad. Du kan vere aktiv på mange måtar og nivå – fysisk, sosialt, mentalt og åndeleg. Kanskje du likar å gå tur, lese ei bok eller lære noko nytt. Gjer meir av det som gjer deg glad, og ta bevisste val.
Kvifor verkar det?
Forsking viser at menneske som held seg fysisk, mentalt, sosialt og åndeleg aktive, har betre psykisk helse enn dei som ikkje gjer det. Når vi er aktive, kjenner vi oss gladare og handterer lettare dei daglege utfordringane. Det kan også lindre psykiske plager som angst og depresjon.
Gjer noko saman!
Når du deltek i sosiale aktivitetar og byggjer gode relasjonar til andre, gir det ei kjensle av å høyre til og ha verdi. Å vere del av eit fellesskap gir støtte i kvardagen. Du kan til dømes sjå ein kamp saman med vener, ete middag med familien eller invitere nokon på besøk.
Kvifor verkar det?
For den psykiske helsa vår er det avgjerande at vi kjenner at vi høyrer til og er ein del av eit fellesskap. Når vi deltek i sosiale aktivitetar, aukar vi sjansen for å møte nye menneske og bli del av eit fellesskap. Dess fleire gode relasjonar vi har, desto betre rusta er vi til å møte utfordringane livet fører med seg. I eit fellesskap er det lettare å få støtte.
Gjer noko meiningsfylt!
Når du jobbar for ei god sak eller når eit mål du har sett deg, får du noko å brenne for og vere stolt av. Til dømes kan du vere frivillig. Å hjelpe andre gir meining, glede og takksemd – både for deg sjølv og dei rundt deg.
Kvifor verkar det?
Når vi gir oss sjølve utfordringar og når måla våre – også dei små – får vi ei kjensle av å ha utretta noko og ei sterkare sjølvkjensle. Dette er viktig for god psykisk helse. Frivillig arbeid og andre handlingar der du bidreg i fellesskapet, har også ein positiv effekt. Det gir meir glede, både for deg sjølv og andre, og auka kjensla av meining og retning i livet.
ABC-pilotprosjekt i Sande: NaKuHel Sunnmøre har sett i gong helsefremjande tiltak
NaKuHel Sunnmøre har starta eit ABC-pilotprosjekt i Sande og Ulstein kommune. Målet er å styrkje den psykiske helsa i lokalsamfunna gjennom aktivitetar, fellesskap og meistring. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune som del av den nasjonale folkehelsekampanjen ABC for god psykisk helse, i samarbeid med Helsedirektoratet.
Nina Elisabeth Bøe
Silje S. Mork
Her kan du lese meir:
www.abcforgodpsykiskhelse.no
ABC | NAKUHEL SUNNMØRE
Filmar:
Møre og Romsdal fylkeskommune har laga to filmar som viser enkle grep du sjølv kan gjere for å styrke den psykiske helsa. Filmane er laga med støtte frå Helsedirektoratet for kampanjen ABC for god pyskisk helse.
Film 1: Naboen
Film 2: Gå tur