I velkomstsamtalen skal pasient/brukar, pårørande, avdelingsleiar eller ein frå primærgruppe/nærgruppe delta.
Ved behov kan fysioterapeut, ergoterapeut eller eventuelt andre ta del.
I denne samtalen vert det avklara kven som vert næraste pårørande og kva oppgåver som ligg til dette. Det er viktig for tenesta at det er avklart kven som tek i mot post og rekningar for bebuarane. Her må pasienten samtykke til at pårørande på deira vegne skal styre økonomi. Vi rådar til framtidsfullmakt for dei som kan samtykke til det og pasient/ brukar kan også søkje om verje til handtering av eigen økonomi.
Velkomstsamtalen skal gjennomførast så raskt som råd, seinast ei veke etter innflytting.
På første møte skal eininga gje informasjon og gå gjennom info-perm som er på kvart rom eller leilegheit.
Det skal avklarast korleis kommunikasjonen mellom pårørande og tenesta skal gå føre seg. Det vert avklart kven som vert pårørande sin kontaktperson.
Kven som er kontaktperson og primærgruppe/ nærgruppe ligg i informasjonspermen eller som oppslag på rom eller i leilegheit.