Mål for tenesta
Gje pårørande kunnskap, ferdigheiter og støtte til å handtere omsorgsarbeidet på ein god og berekraftig måte.
Kostnad
Ingen eigenbetaling.
Vilkår for tildeling
- Du er pårørande til nokon med langvarig sjukdom, nedsett funksjonsevne eller rusutfordringar
- Du har behov for opplæring i korleis du kan hjelpe den du har omsorg for
Praktiske opplysningar
Opplæring og rettleiing kan skje individuelt eller i gruppe. Innhaldet tilpassast ditt behov og den situasjonen du er i.
Forventningar:
Til kommunen:
Gje deg relevant kunnskap og støtte tilpassa di situasjon.
Til deg:
Ta kontakt med tenestetildeling eller aktuell teneste for å høyre om tilbodet.
Slik søkjer du
Ta kontakt med ansvarleg for tenestene som vert nytta.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-6.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS registrering
Ja.