Kvar kan du klage eller varsle?
Helse- og omsorgstenesta
Hovudsakleg bør hendingar ein vil klage på tas opp direkte med dei som leverer helse- og omsorgstenesta, eventuelt deira leiar. Alle tenester skal ha ordningar for dette. Henvending kan være skriftleg eller munnleg.
Fylkesmannen
Dersom du som pasient, brukar eller pårørande opplever at det ikkje vert gitt tilstrekkelege helse- og omsorgstenester eller at kvaliteten på tenestene er uforsvarleg, kan du klage. Lova skal sikre at alle har tilgang på nødvendige helsetenester og at desse er av forsvarleg kvalitet. Du kan også klage på at helsepersonell gir utilstrekkeleg eller feil informasjon, at helsepersonell bryt teieplikta eller ved bruk av ulovleg tvang inn mot pasientar. Meir informasjon finn du på www.fylkesmannen.no.
Varselordninga for dødsfall og svært alvorlege hendingar
Pasient, brukar eller næraste pårørande kan varsle Statens helsetilsyn om dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar som fylgje av ytinga av helse- og omsorgstenester, eller ved at en pasient eller brukar skadar ein annan. Adgang til å varsle gjeld dersom utfallet er uventa ut frå pårekneleg risiko. Alle verksemder som yter helse- og omsorgstenester, har varslingsplikt om same type hendingar. Varsel skal sendast til Statens helsetilsyn som innhentar informasjon og avgjer om det er grunnlag for vidare tilsyn i saken. Meir informasjon finn du på www.helsetilsynet.no
Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesten (Ukom)
Undersøkingskommisjonen er ei uavhengig statleg verksemd, som kan undersøke alvorlege hendingar, og andre alvorlege forhold i helse- og omsorgstenesta i Norge. Føremålet med undersøkingane er å kartlegge kva som skjedde, og påvise bakanforliggande årsaker til hendinga. Slik kunnskap vil bidra til læring og endring slik at nye alvorlege hendingar kan førebyggast.
Meir informasjon finn du på www.ukom.no.
Norsk pasientskadeerstatning
Norsk pasientskadeerstatning behandlar økonomiske erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ei skade etter behandlingssvikt i helse- og omsorgstenestene.
Meir informasjon finn du på www.npe.no.
Kven kan hjelpe deg med å klage eller varsle?
Pasient og brukarombudet
Det er 15 pasient- og brukarombodskontor fordelt over heile landet. Tilsette ved ombodskontora svarer på spørsmål om kva rettigheiter pasientar, brukarar og pårørande har. Pasient- og brukarombodet bistår i klagesaker og deltar også i dialogmøter mellom pasientar, brukarar og helsetenestene, både dei kommunale og på spesialistnivå. Du kan kontakte ombodskontora både via e-post, telefon eller brev. Meir informasjon om ordninga finn du på www.helsenorge.no.