FlyttemeldingDet er viktig å melde om flytting til folkeregisteret og til posten. Når ein person har fått innvilga omsorgsbustad på Haugetun eller Sørhagen skal vedkomande sjølv ( eller pårørande) melde flytting til folkeregisteret. Ein finn informasjon om dette på www.skatteetaten.noHugs også å meld om ny adresse til posten , evt om posten skal sendast til pårørande eller verje.BustøtteSandetun omsorgssenter minner også om at det er høve til å søkje om bustøtte. Meir info finner ein i Husbanken påwww.husbanken.noVer ekstra OBS på at søkjar må vere registrert i folkeregisteret med rett adresse før ein søkjer om bostøtte. Publisert av Elin Rokstad Sist endra 20.03.2024 14:03