Individuell plan og koordinator

Individuell plan og koordinator

Dersom du har langvarige og koordinerte tenestebehov, har du rett til koordinator. Koordinatoren sørgjer for oppfølging og samordnar tenestetilbodet ditt.

Mål for tenesta 

Du skal oppleve tenestetilbodet som meir samordna og ha ein fast kontaktperson i hjelpeapparatet.

Kostnad 

Ingen eigenbetaling.

Vilkår for tildeling

  • Du bur i Sande kommune
  • Du har langvarige og koordinerte tenestebehov (normalt meir enn 2 år)

Praktiske opplysningar

  • Koordinatoren er ein fagperson som samordnar tenestene og sikrar framdrift i arbeidet med individuell plan.
  • Dine ønskjer om kven du vil ha som koordinator vert vektlagt.
  • Kommunen samarbeider med andre tenesteytarar for eit heilskapleg tilbod.

Ikkje inkludert:

Koordinator erstattar ikkje dei einskilde tenestene.

Merknad

Ein individuell plan er eit samarbeidsdokument som kan bidra til eit meir heilskapleg tenestetilbod.

Forventningar: 

Til kommunen:

  • Vedtak om individuell plan med informasjon om koordinator
  • Koordinator hjelper deg å samordne tenestene
  • Koordinator arrangerer ansvarsgruppemøte ved behov

Til deg: 

  • Gje nødvendige opplysningar
  • Medverke til val av koordinator
  • Delta på ansvarsgruppemøte og samarbeidsmøte
  • Gje tilstrekkeleg fritak frå teieplikta slik at fagpersonane kan samarbeide

Slik søkjer du

Her finn du skjemaet du skal fylle ut

Send søknaden til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes eller bruk e-dialog.

Når får du svar

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker.

Lovgrunnlag

Helse- og omsorgstenestelova kap. 7, §§ 7-1 og 7-2.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.

Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.

Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.

IPLOS registrering

Ja. IPLOS-registrering vert gjort.