Mål for tenesta
Sørgje for at familiar med barn som har samansette behov, får eit godt koordinert og heilskapleg tenestetilbod.
Kostnad
Ingen eigenbetaling.
Vilkår for tildeling
- Barnet er under 18 år
- Barnet har alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne
- Familien har langvarige og koordinerte tenestebehov frå fleire instansar
Praktiske opplysningar
Barnekoordinator samordnar tenester frå ulike instansar og hjelper familien å navigere i hjelpeapparatet.
Forventningar:
Til kommunen:
Halde teieplikta, møte familien med respekt og sørgje for god koordinering.
Til deg:
Ta kontakt med kommunen for å søkje om barnekoordinator.
Slik søkjer du
Her finn du skjemaet du skal fylle ut
Når får du svar
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker.
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 7-2 a.
Rett til klage
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS registrering
Ja.