Når kan eg få vaksina?
Sande legesenter annonserer kvar haust tidspunkt for vaksinering. Dette blir annonsert i Vestlandsnytt og på aktueltsida her på heimesida.
Vanlegvis set ein opp ein felles dag for vaksinering. Dersom denne dagen ikkje høver kan ein kome innom Sande legesenter for å få eit stikk.
Kva kostar det?
Treng eg å vaksinere meg?
Les meir om influensavaksine her.
Du som er mellom 65 og 80 år vil få SMS om hausten med oppfordring om å ta vaksine mot sesonginfluensa. Kampanjen er eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Folkehelseinstituttet.
Reisevaksinering
Treng du vaksiner i samband med reiser eller utanlandsopphald, er næraste tilbod hos Medi 3 i Ulsteinvik - tlf 70117000
Koronavaksinering
Vaksinering mot korona blir annonsert på aktueltsida- altså på framsida - når det er sett opp datoar for dette.
Koronasertifikat
Dersom du ikkje har høve til å logge deg inn på Helsenorge med elektronisk ID og finne sertifikatet ditt kan du bestille koronasertifikatet via brev i post. Du kan også ringe Veiledningstjenesten for Helsenorge og få tilsendt papirutskrift av koronasertifikatet i posten. Her finn du fleire opplysningar om koronasertifikat for ikkje-digitalebrukarar