Alle kan ringe legevakta når ein meiner ein ikkje kan vente til fastlegen er på kontoret. Eksempel på tilstandar det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta om:
- Høg feber – særleg hjå barn
- Moderate pustevanskar
- Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
- Slapt og medteke barn eller tilsvarande symptom hjå vaksne.
- Alvorleg psykisk sjukdom
- Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
- Kuttskadar som må syast
- Mistanke om brot
Kva kan du forvente?
Frå 1.juni 2021 er legevakta på ettermiddag, kveld,natt og helg for innbyggjarane i Sande ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda.
Frå kl 15 -08 alle dagar er legevakta for desse kommunane lokalisert i Torvmyrane 11 B i Hovdebygda. Det er rett ovanfor flyplassen.
Når du ringer legevakta vert det gjort ei vurdering av din situasjon og det vert gjort avtale om oppmøte. Ofte kan gode råd på telefon vera nok.
Når du kjem til legevakta, må du alltid ta kontakt med personalet, slik at dei kan gjere ei rask vurdering av kor mykje det hastar. Dersom du må venta, er det fordi andre treng hjelp raskare. For å kunne hjelpa deg på best mogeleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdommar, og kva medisin du nyttar.
Kva kostar det?
Du må betale ein eigenandel og eventuelt dekkje utgifter til materiell som for eksempel bandasjar og medisinar.
Korleis får du kontakt med legevakta?
Dersom du ikkje får kontakt med fastlegen din og hjelpa ikkje kan vente skal du ringe legevakta på 116117.
Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringja 113
Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk nødhjelp 113:
- Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet
- Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale
- Uforklarleg og plutseleg ustø
- Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit
- Brystsmerter i meir enn fem minutt
- Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg
- Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme