Kven kan få tenesta?
Alle innbyggjarane i Sande kommune som har behov for tenesta får dette. Tenesta er for deg som grunna sjukdom, skade eller andre årsaker har fått redusert funksjonsevne som gjer det vanskeleg å utføre daglege gjeremål. Her er nokre døme på kva ergoterapi kan vere:
- Førebyggande tiltak
- Tverrfaglig habilitering og rehabilitering
- Rettleiing, informasjon og undervisning
- Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon
- Kartlegge funksjonar og tilpasse aktivitetar
- Legge til rette fysiske omgjevnader i heim, skule, barnehage
- Trening av daglege gjeremål
- Delta i ansvarsgrupper i tverrfaglige team
- Gje uttale om trygdefinansierte tiltak og utbetringstilskot til bustad
- Universell utforming
Hjelpemiddel
Les meir om hjelpemiddel her.
Slik får du tenesta:
Vår ergoterapeut har for tida permisjon men du kan ta kontakt direkte med Solveig Hagen Sandvik på solveig.hagen.sandvik@sande.kommune.no og be om at ho kontaktar med deg.
Skriv berre at du vil ho skal ta kontakt med deg og ikkje skriv noko om personlege utfordringar eller problem du har.
Har du ikkje høve til å sende e-post kan du ringe sentralbodert på 70026700 og vi vil formidle melding til henne. Solveig fungerer i denne rolla til ergoterapeuten er tilbake frå permisjon.
Du kan også be om tilvising vidare frå andre tenester.
Kva kostar tenesta?
Å få hjelp av ein ergoterapeut er gratis.