Øya aktivitetssenter

Øya aktivitetssenter

Øya er det nye aktivitetssenteret som ligg på Sandetun omsorgssenter . 

Her er det liv og røre og mange aktivitetar heile veka gjennom.

Øya aktivitetssenter  er samlingstad for bebuarane på Sandetun omsorgssenter, brukarar av pleie og omsorgstenester og for alle andre som vil kome innom å treffe folk eller delta på kjekke aktivitetar.

Du kan følgje med på kva som går føre seg på Øya si  eiga facebook-side. 

Heimetenesta kan tilby dagplass for den som har behov for det.  Lunsj er inkludert i tilbodet.

Ta gjerne kontakt med heimetenesta om du vil ha meir informasjon om tilbodet. 

Korleis søkje på dagplass?

Du kan søkje på elektronisk skjema her.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

 

 

Besøksadresse:

Du finn Øya aktivitetssenter rett innanfor hovedinngangen på Sandetun omsorgssenter.

Tlf.:

91301547

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65