Dagaktivitetstilbod

Dagaktivitetstilbod

Frå 01.06.2026 tilbyr Sande kommune dagaktivitetstilbod berre til heimebuande personar med demens. Det generelle dagaktivitetstilbodet for andre målgrupper er avvikla. For personar som tidlegare nytta det generelle dagaktivitetstilbodet, kan støttekontakt vere aktuelt dersom vilkåra er oppfylte. Tidlegare vedtaksmottakarar er varsla særskilt om endringa og om korleis dei kan søkje støttekontakt.

Mål for tenesta 

Aktiv og meiningsfull kvardag i samvær med andre. Kan utsette opphald i institusjon og avlaste pårørande.

Kostnad 

Eigenbetaling etter gjeldande sats. Satsane vert reviderte årleg av kommunestyret. Det betalast etterskuddsvis for faktisk nytta dagar.

Prisliste

Dagaktivitetstilbod 2026

Dagaktivitetstilbod 2026
Tenestekostnad
Dagsenter aktivisering80
Dagsenter med mat195

 

Vilkår for tildeling

Heimebuande personar med demens (lovpålagt)

Personar som har behov for sosial stimulering og aktivitet, og der familie, nettverk og frivillige tilbod ikkje kan dekkje behovet

Personar der dagtilbod kan bidra til å utsette institusjonsplass

Pårørande med behov for avlasting

Praktiske opplysningar

Transport til og frå dagaktivitetstilbodet kan tilretteleggjast etter behov.

Tilbodet inkluderer måltid, sosiale aktivitetar og fysisk aktivitet tilpassa den einskilde.

Forventningar: 

Til kommunen:

Opptre på ein respektfull måte og leggje til rette for eit godt og aktivt tilbod.

Til deg: 

  • Gje beskjed så snart som mogleg, seinast dagen før, dersom du ikkje kan delta.
  • Unytta plass over fire veker fører til vurdering av om plassen kan behaldast.
  • Oppseiingstid er 14 dagar. Betaling stoppar frå dag 15.
  • Det skal betalast for avtalte dagar sjølv om tilbodet ikkje vert nytta.
  • Ved meldt sjukdom eller ferie over éi veke stoppar betalinga frå dag 8.
  • Ved innlegging i sjukehus over éi veke stoppar betalinga frå dag 8.
  • Ved tildelt langtidsplass i sjukeheim stoppar betalinga frå dag 1.
  • Ved dødsfall opphøyrer betaling umiddelbart.

Slik søkjer du

Her finn du det elektroniske skjemaet.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når får du svar

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Lovgrunnlag

Ikkje lovpålagt, med unntak av dagtilbod for heimebuande personar med demens, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd pkt. 7. 

Merk: Lova pålegg kommunen å «ha eit tilbod» – det er ikkje ei ubetinga individuell rett for kvar enkelt. Tildeling krev enkeltvedtak etter individuell vurdering.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2. § 7-3 § 7-5 og 7-7.

IPLOS registrering

Ja. IPLOS tenestetype 4: Dagaktivitetstilbod.

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste