Omsorgsbustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester

Omsorgsbustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester

Ein omsorgsbustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester er eit bustad- og tenestetilbod som er likestilt med sjukeheim når det gjeld tenestenivå. Bustaden ligg i, eller i nær tilknyting til, ein institusjon eller ein bebuarbase med heildøgnsbemanning. Dette er eit alternativ til sjukeheimsplass for deg som har eit svært stort og samansett hjelpebehov, men der ei eiga buform kan vere meir tenleg enn tradisjonelt institusjonsopphald.

Mål for tenesta 

Gje personar med svært stort hjelpebehov eit verdig, trygt og meiningsfylt liv med nødvendig pleie, omsorg og medisinsk oppfølging – i ein buform som i større grad ivaretek sjølvstende og privatliv enn tradisjonelt institusjonsopphald.

Kostnad 

Husleige etter sats fastsett av kommunestyret. Vederlagsforskrifta gjeld ikkje – du betalar husleige for bustaden og eigenbetaling for helse- og omsorgstenester etter gjeldande sats, på same måte som heimebuande. Satsar for heimetenester reviderast årleg av kommunestyret.

Prisliste

Omsorgsbustadar - 2026

Omsorgsbustadar - 2026
Husvære - gateadrStadsoveromPris
Elvebakken 10Larsnes18516
Elvebakken 6 ( Elverom)Larsnes1-28349
Sørhagen inkludert straum, telefon, tøy, vask av tøy, vask av husvære og forbruksvarerLarsnes19890
HaugetunLarsnes18516
Fjordro inkludert straum og internettLarsnes9890

Vilkår for tildeling

Tildeling skjer etter same kriterium som langtidsopphald i sjukeheim, jf. kommunal forskrift.
Vurderinga skal mellom anna ta omsyn til:

  • Kva type helse- og omsorgstenester du treng, og kor omfattande og varig behovet er.
  • Om du kan tilkalle hjelp ved behov.
  • Om hjelpemiddel eller tilrettelegging kan fremje meistring i eigen heim.
  • Om alternativ til heildøgnstilbod er prøvd ut og vurdert å ikkje vere forsvarleg.
  • Om du er samtykkekompetent og har kognitive evner som ikkje inneber alvorleg risiko.
  • LEON-prinsippet skal leggjast aktivt til grunn – heildøgnstilbod er det høgaste omsorgsnivået og skal berre tildelast når lågare nivå ikkje er forsvarleg.

Dersom plass ikkje er umiddelbart tilgjengeleg, vert du sett på venteliste. Du vil motta eit enkeltvedtak om retten til plass og ventelistestatus. Kommunen er plikta til å følgje deg opp med forsvarlege tenester medan du ventar.

Praktiske opplysningar

  • Bustaden er møblert av bebuar sjølv.
  • Tenestetilbodet inkluderer heildøgnsbemanning og dei helse og omsorgstenestene du har vedtak om.
  • Du held fram med å nytte din fastlege og er sjølv ansvarleg for å bestille legetimar.
  • Tannhelsetenester, fysioterapi og ergoterapi er ikkje inkludert i bu- og tenestetilbodet, men du kan søkje om desse tenestene gjennom ordinære kanalar.

Ikkje inkludert:

  • Tilsyn av lege – du nyttar eigen fastlege
  • Tannhelsetenester (ikkje inkludert i bu- og tenestetilbodet)
  • Fysioterapi og ergoterapi (kan søkjast om separat)
  • Møblar og innbu
  • Telefonutgifter og avisabonnement
  • Frisør, fotpleie og andre velværebehandlingar
  • Klede og hygieneprodukt utover det eininga tilbyr
  • Briller og høyreapparat
  • Brukar i bemanna bustad med heildøgnstilbod har som hovudregel ikkje rett til støttekontakt

Forventningar: 

Til kommunen:

  • Opptre respektfullt overfor deg og dine pårørande
  • Leggje til rette for dialog og godt samarbeid med næraste pårørande
  • Gje hjelp til eigenomsorg i samsvar med dine ressursar og fremje optimalt funksjonsnivå
  • Følgje kommunen sin forskrift for tildeling og venteliste

Til deg: 

  • Møblere og utstyre bustaden sjølv
  • Halde fram med å nytte eigen fastlege og bestille legetimar sjølv
  • Pårørande følgjer normalt til tannlege, undersøkingar og kontrollar
  • Private eigendelar er ikkje forsikra av kommunen
  • Merkje private klede med namn
  • Gje beskjed til eininga dersom hjelpebehovet endrar seg

Slik søkjer du

Her finn du det elektroniske skjemaet.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når får du svar

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Merknad

Retten til plass i omsorgsbustad med heildøgns tenester er regulert i kommunen sin lokale forskrift, jf. hol. § 3-2 a andre ledd. Forskrifta er tilgjengeleg på sande.kommune.no. Ta kontakt med sørviskontoret for meir informasjon om aktuelle bustader og kapasitet.

Lovgrunnlag

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2a. Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1e. Kommunal forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester – kriterium og venteliste, Sande kommune.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.

Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.

Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.

IPLOS registrering

Ja. IPLOS tenestetype 12: Omsorgsbustad (med heildøgns tenestenivå).