Mål for tenesta
Gje personar med funksjonstap eit tilrettelagt bumiljø som gjev auka sjølvstende og kan hindre eller utsetje behov for høgare omsorgsnivå.
Kostnad
Husleige etter sats fastsett av kommunestyret. Sjå oppdatert gebyrliste på kommunen si heimeside. Eventuelle helse- og omsorgstenester i bustaden er eigne vedtak med eigne betalingssatsar.
Prisliste
Vilkår for tildeling
- Du er heimehøyrande i Sande kommune og har som hovudregel budd i kommunen i minst to år
- Du har fysisk, psykisk eller sosialt funksjonstap
- Du har behov for tilrettelagde buforhold, men kan bu relativt sjølvstendig med noko bistand
- Behovet for hjelp er ikkje av ein slik art at du treng tilgang til bemanning heile døgnet
- Du kan ikkje ivareta eigen bustad med enkle tilpassingstiltak (til dømes hjelpemiddel eller mindre ombygging)
- Moglegheit for å kjøpe eller leige eigna bustad på den private bustadmarknaden er vurdert og er ikkje ein aktuell løysing
- Mogleg tilrettelegging av eigen bustad er vurdert. Eventuelle tilskot eller lån (Husbanken) er undersøkt og kan ikkje dekkje behovet
- Tildeling skjer etter individuell vurdering gjennom søknad og enkeltvedtak. Det er ikkje rett på ein bestemt bustad, og kommunen fastset bustad ut frå tilgjengeleg kapasitet
Praktiske opplysningar
- Bustaden er ikkje møblert.
- Tenester som heimesjukepleie, heimehjelp og andre helse- og omsorgstenester vert tildelt etter behov gjennom eigne vedtak – dei er IKKJE automatisk inkludert i bustadtildelinga.
- Omsorgsbustad utan heildøgnsbemanning er eit leigeobjekt. Leigekontrakten er underlagd husleiga og standard vilkår.
- Brukar tingjer legetimar, transport og liknande sjølv.
- Pårørande følgjer normalt til tannlege, undersøkingar og kontrollar.
Ikkje inkludert:
- Bustadtilbodet er ikkje lenger aktuelt dersom bebuarens totale omsorgsbehov utviklar seg dit at vedkomande ikkje lenger kan takast hand om forsvarleg i bustaden – då skal høgare omsorgsnivå vurderast.
- Dersom bebuar gjennom eigenmestring ikkje lenger har behov for tilrettelagd bustad, vert dette vurdert.
- Brukar i omsorgsbustad utan heildøgnsbemanning har rett til å søkje støttekontakt dersom vilkåra er oppfylte.
Sande kommune har ulike omsorgsbustader:
For brukarar med heildøgns helse- og omsorgstenester:
- Sørhagen og Fjorddro som er lokalisert i Sandetun omsorgssenter
- Elvebakken - for dei som treng omfattande tenester
For brukarar som treng helse- og omsorgstenester:
Forventningar:
Til kommunen:
- Opptre respektfullt overfor deg og dine pårørande
- Gje hjelp til eigenomsorg i samsvar med eigne ressursar og vedtak
Til deg:
- Vere til stades når tenesteytar kjem
- Delta i den grad du greier sjølv
- Varsle i god tid ved endringar i behov eller situasjon
Slik søkjer du
Her finn du det elektroniske skjemaet.
Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.
Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.
Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)
Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering ta kontakt med deg.
Når får du svar
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Treng du hjelp til å betale husleiga?
Bustøtte er ei løysing dersom du har lav inntekt. Les meir om bustøtte her. Ein føresetnad er at du har meldt flytting til den omsorgsbustaden du evt får tildelt.
Fortsette å bu heime?
Den bustaden du bur i kan kanskje tilretteleggast. Kommunen kan føreslå ei slik tilpasning der det er aktuelt.
Lovgrunnlag
Lov om kommunanes ansvar på det bustadsosiale feltet (bustadsosialova) § 6, fjerde ledd (tidlegare helse- og omsorgstenestelova § 3-7, oppheva 01.07.2023). Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1a.
Rett til klage
Forvaltningslova §§ 28–34.
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Alle enkeltvedtak kan klagast på. Klagefristen og korleis du klagar, finn du i enkeltvedtaket. Klagen skal vere skriftleg og kan leverast på følgjande måtar: via klageskjema på sande.kommune.no, ved å ta kontakt med einingsleiar for den aktuelle tenesta, eller ved å oppsøkje sørviskontoret for rettleiing. Kommunen tek ikkje i mot klagar på e-post.
Om vedtaket ikkje vert endra, vert klagen vidaresendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for overprøving.
Klage på sjølve utføringa av tenestene eller på helsepersonell skal rettast til einingsleiar for tenesta.
IPLOS registrering
Ja. IPLOS tenestetype 12: Omsorgsbustad.