Habilitering og rehabilitering

Habilitering og rehabilitering

Habilitering er tiltak og prosessar med mål om å utvikle og oppretthalde funksjons- og meistringsevne for størst mogleg grad av sjølvstende, deltaking og livskvalitet. Rehabilitering er tiltak og prosessar med mål om å gjenvinne eller oppretthalde funksjons- og meistringsevne som er tapt eller står i fare for å tapast, på grunn av sjukdom, skade eller inaktivitet. Begge er målretta samarbeidsprosessar mellom søkjar, pårørande og tenesteytarar.

Mål for tenesta 

Bidra til at søkjar kan optimalisere og vedlikehalde funksjon, meistring og sjølvstende, og delta sosialt og i samfunnet – og hindre eller utsetje aukande hjelpebehov.

Kostnad 

Ingen eigenbetaling fram til fylte 16 år. Frå 16 år er det eigenandel på behandling til frikortgrensa er nådd.

Vilkår for tildeling

Tenesta kan vere aktuell dersom søkjar:

  • Er i stand til å delta i å utforme mål og ta aktiv del i ein rehabiliteringsprosess
  • Har ønskje om å vere aktiv og klare seg sjølv i størst mogleg grad
  • Har eit rehabiliteringspotensiale og kan nyttiggjere seg oppfølging
  • Grunna erverva skade eller sjukdom har eit samansett rehabiliteringsbehov
  • Opplever gradvis redusert funksjonsnivå eller funksjonsfall
  • Har behov for opptrening i ferdigheiter etter sjukehusopphald, rehabiliteringsopphald eller korttidsopphald

Praktiske opplysningar

  • Tidsavgrensa teneste. Kan forlengast dersom heilskapleg fagleg vurdering tilseier at søkjar kan nå sine mål ved utvidar oppfølging.
  • Tenesta skal setjast i gang så tidleg som mogleg i rehabiliteringsprosessen – inkludert koordinering og oppstart av tiltak før utskriving til heimen.
  • Det vert utforma ein re-/habiliteringsplan med individuelle mål og aktuelle tiltak.
  • Tenesta kan gjevast på institutt, i heimen, i nærmiljø, i barnehage, på skule eller arbeidsplass.
  • Tenesta vert gjeven på kvardagar på dagtid.

Forventningar: 

Til kommunen:

Opptre respektfullt, og syte for tverrfagleg samarbeid og god overgang til heimen.

Til deg: 

  • Vere motivert for å gjere ein eigeninnsats
  • Delta aktivt i å utforme mål og i gjennomføring av tiltak
  • Gje beskjed i god tid ved avlysing av timar

Slik søkjer du

Her finn du det elektroniske skjemaet.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når får du svar

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Lovgrunnlag

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2, punkt 5. Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

IPLOS registrering

Ja.