Fritids- eller fast bustad?

Fritids- eller fast bustad?

Bur du ikkje fast i einebustaden din eller våningshuset ditt, og den vert nytta lite og svært sporadisk? Då kan du søke om å få endra bygningstypen til “Heilårsbustad eller våningshus nytta som fritidsbustad”.  Dette må du sende melding om og få godkjent før du søkjer om å få endre grunnlaget for kommunale avgifter.

Her finn du registereringsskjema for endring av bygningstype.

Dei kommunale avgiftene du betaler, skal vere i samsvar med bruken av huset.

Fritidsbustad er eit hus der det ikkje er registrert busetnad på, og som ikkje blir brukt til utleige.

For fritidsbustad kan ein  søkje om halv avgift for vatn og kloakk/ slam. For redusert renovasjonsavgift må ein søkje Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR).

 

Kva er satsane for kommunale avgifter?

Gebyr avløp bustadhus - 2025

Gebyr avløp bustadhus - 2025
Tilknytningsavgift Årsgebyr -Bustad under 250m2-abonnement og forbruk Årsgebyr -bustad over 250m2 -abonnement og forbruk Fritidshus
17500 5529 6127 3363
kr pr år, inkl mva

 

Gebyr slam bustadhus - 2025

Gebyr slam bustadhus - 2025
Bustad med septiktank 0-2m3 Bustad med septiktank 2-6m3 pr m3 over 6m3
1320 1724 351
kr pr år, inkl mva

 

Gebyr vatn - 2025

Gebyr vatn - 2025
Tilknytningsavgift Hus under 250m2 - årsgebyr Hus over 250m2 - årsgebyr Fritidsbustad - årsgebyr
18750 8063 9011 4974
pr år, inkl mva

Feiing- 2025

Feiing- 2025
Kva blir feia? Pris
Feiing 587
Ekstra pipeløp 294
pr år

Korleis søkjer eg?

Her finn du søknadsskjemaet som du skal bruke.

Når får eg svar?

Søknaden blir behandla som raskt som råd. Du får svar innan 4 veker.

Når blir endringa iverksett?

Endringa i betalingssatsane blir iverksett frå 1.halvåret etter at vi har teke mot søknaden din, og den er godkjent.

Kontakt

Kjell Martin Vikene
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 90 88 21 70